Den siste resept fra Per Fugelli 14. desember

Presentert av Aksel Fugelli

14. desember 2017 19:00
Garborgsenteret
200,-

DEN SISTE RESEPT FRA PER FUGELLI presentert av Aksel Fugelli.
PER DØR – IKKE
På veg mot døden skreiv Per Fugelli den særs personlege boka «Per dør», som handlar om å møta døden med opne auger. Samtidig handlar boka meir om å leve enn å dø. Eit av Pers siste ønske var at sonen Aksel skulle bringa hans bok, ord, bodskap og håp rundt i landet.
Per er til stades i ånda, gjennom eit utval tekstar frå den nye boka, og gjennom sterke og nære filmklipp frå Erik Poppes kinofilm om Pers siste år. Filmen har premiere på nyåret.
Dette blir ei personleg, morosam og alvorleg forestilling med anekdotar frå Per sitt liv, høgtlesing, film og boksignering.
Du kan kjøpa billettar på Vipps #112916 (Knudaheio) eller i museumsbutikken. Hugs å ta med kvittering. Me tar ikkje imot reservasjonar på telefon.