Bunadsdebatt 10. mai

Ulike bunadsaktørar debatterer.

10. mai 2017 19:00
Storsalen
Gratis

Kven kan sy ein bunad? Er det lov å tilpassa og endra han slik ein sjølv vil? Kven bestemmer det? Kva bør ein bunad kosta, og kor skal han produserast?

Fem paneldeltakarar med ulik ståstad i bunadstradisjonen blir utfordra til å svara på dette, og meir, onsdag 10. mai kl. 19.00 på Garborgsenteret.

Panelet består av: Marianne Lambersøy, som driv Embla Bunader i Stavanger og har produksjon i Thailand. Monica Hanasand, som har gått kurs i og sydd rekonstruert kvinnebunad frå Ryfylke, og er primus motor for treff for dei som driv med rekonstruerte bunader i Rogaland. Bjørn Sverre Hol Haugen, etnolog og kulturhistorikar som i 2006 gav ut boka Norsk bunadleksikon. Helga Øglænd, bunadskjøpar og mor til tre jenter, korav to allereie er konfirmert. Lishild Nesheim, som eig og driv Singer Bernina Sysenter i Haugesund, er sensor for saumfaget i Rogaland, og var tidlegare leiar i Norsk Folkedraktforum. Debatten blir leia av kulturjournalist og kritikar Kristin Aalen.

Bunadsdebatten er knytt opp til utstillinga «Habitt/profitt – Bunad i dag», som gir eit innblikk i korleis dagens bunadsbruk er i Noreg. Produksjon skjer ikkje lenger berre her til lands, men har blitt «big business» med produksjon i utlandet og tallause spin-off-produkt. Utstillinga har eit spesielt blikk for konfirmantane og deira tankar rundt det å skaffa seg bunad. Samstundes blir det trekt historiske linjer tilbake til Hulda Garborg og hennar bunadsarbeid.

Velkommen til Garborgsenteret onsdag 10. mai 2015 kl. 19.00.

Gratis inngang og open utstilling.