24. november 13:00
Garborgstova
"Sjå Jæren 2017" er Jærmuseet si årbok.

Jærmuseet lanserer årets årbok på Kafé Garborgstova på Garborgsenteret. Det blir servering av kaffi og vaflar, litt vitenshow, informasjon om boka og høve til å treffa forfattarane. Velkommen!

Ein stor del av årets Sjå Jæren er skriven av våre eigne museumsarbeidarar. Likevel trur me det er blitt ei variert bok. Ho handlar ikkje om Jærmuseet som sådan, men behandlar tema me naturleg nok kjem borti i arbeidet vårt. To spennande artiklar skrivne av folk utan direkte tilknyting til museet og utstillingane våre er det også blitt plass til.

I 1995 kom Noregs første omreisande vitensenter til, og sidan 2002 har Science Circus vore engasjert av Jærmuseet. Pionéren Ivar Reed Nakken har gått av med pensjon, men klarer framleis ikkje å halda seg unna realfagsformidling. I «Landet rundt med fiselyd og flammekastar» fortel Ørjan Zazzera Johansen historia om Science Circus – i praksis forteljinga om Ivar.

Per Inge Bøe er historikar og har vore prosjektleiar for møbelutstillinga på Vitenfabrikken. I artikkelen «Størst på småmøbler» ser han på Sandnes sin møbelproduksjon. Me får følga byens  møbelindustri gjennom meir enn hundre år, med over 70 lokale møbelprodusentar. Her er sterke foregangsmenn, dyktige handverkarar og eit heilt miljø som gjer byen til eit kjerneområde innan møblar og trevare.

Ivar Hognestad er den eine av forfattarane utan tilknyting til Jærmuseet. Han formidlar den imponerende historia om to av Jærens sanne slitarar, nyryddaren Ole Jakobsen Indrebø og kona Rakel Marie, som første gong stod på trykk i Stavanger Aftenblad 3. juni 1919.

Inger Lise Belsvik er ein frilans illustratør som har fått bilda ho laga til barneboka «Småsporven» utstilt på Garborgsenteret. I «Småsporven og heimstadillustratøren » fortel ho om arbeidet sitt og kva som ligg bak både boka, bilda og utstillinga.

Jorunn Osland er nordist og ansvarleg for formidlinga av folkekultur på Garborgsenteret. Ho har skrive om bunadutstillinga «Habitt/profitt» og folkedraktenes vekslande popularitet. I «Bunadsjenter og dressgutar » får me eit innblikk i bunadens historie – frå Hulda Garborg fremma han som symbol på norskdom i begynnelsen av førre hundreåret til den populariteten han har blant dagens konfirmantar.

Jeanne Dalbu er museolog og leiar for samlingsteam Rogaland, administrert som ein del av Jærmuseet. I «Et felles løft for framtiden» gir ho eit innblikk i teamets arbeid med gjenstandsregistrering ved alle regionmusea i fylket – og kva dette betyr for musé med lite lagringsplass og dårlege oppbevaringsforhold.

Knut G. Austad er også historikar, og han har interessert seg for dei handlagde fiskestengene til Garman og Magnhild Holen på Kvåle i Time. Artikkelforfattaren, ein ivrig fiskar sjølv, la merke til det gode og unike produktet Garman og Magnhild hadde utvikla. Han dokumenterte arbeidet ved intervju og video så tidleg som i 2000, men det er først no at materialet blir presentert for publikum i «Garman og splitcanestengene».

Hans Torgny Indrebø er den andre forfattaren utan tilknyting til Jærmuseet. Han har tatt for seg eit tema som ikkje har fått mykje merksemd i litteraturen, og gir oss eit artig innblikk i utedoets historie.

Mange av artikkelforfattarane vil vera til stades på lanseringa, og du vil få ei presentasjon av boka. Det blir sjølvsagt også høve til å kjøpa henne.