Boklansering: «Brother | Sister» av Elin Høyland

9. januar 2016 13:00
Garborgsenteret

Brother | Sister fortel historia om Edvard og Bergit Bjelland som vaks opp med foreldre og søsken på ein liten gard i Hå. Gardshuset er frå 1800-talet og er ei verna bygning. Edvard var den fjerde generasjonen i familien som eigde garden, og han heldt hestar, kyr, grisar, høner og over hundre sauar. Då Elin Høyland trefte han første gongen hadde søstera hans, Bergit, nyleg gått bort. Dei fleste dyra hadde blitt selde og jorda leigd ut. Edvard blei buande aleine med berre ei handfull sauar att.

Edvard var den einaste av syskena som fortsette å bu på garden. Bergit budde mange år i Stavanger, men flytta etter kvart tilbake til gardshuset med han. På slutten av 70-talet flytta ho ut igjen, men denne gongen til eit nybygd hus berre eit steinkast unna den gamle barndomsheimen. Då Bergit døydde i 2011 tok Edvard over ansvaret for å passa på huset hennar.

Dette er ei historie om to særs ulike liv som utspelte seg side om side med kvarandre. Sjølv om den fysiske avstanda mellom Edvard og Bergit var minimal så var deira emosjonar og livsstilsval svært fjerne frå kvarandre. Gjennom fotografi har Høyland utforska vala deira, dei ulike draumane og behova dei hadde, og som dei søkte å oppfylla. Forfattaren Gaute Heivoll har skrive ein kort fiksjonstekst inspirert av fotografia. Samarbeidet både oppsluker og bevegar.

Elin Høylands første bok The Brothers (2011) blei godt teke imot og resulterte i fleire fotoutstillingar i både Europa, USA og Kina. Magasinet Lensculture skildra verket som «magisk og sjarmerande» og The Huffington Post kalla det «ei overveldande påminning om kva som verkeleg er det viktige i livet». Høyland har jobba som sjølvstendig skribent for fleire store aviser, inkludert The Guardian, og er no fotograf for Dagens Næringsliv.

9. januar kjem Elin Høyland til Garborgsenteret/Time bibliotek for å lansera si nyaste bok Brother | Sister. Ho vil fortella om både boka og prosjektet, visa fotografi og film.

Gratis inngang.