Garborgdagar 2022: Bokbad med Marit Eikemo

27. januar 2022 19.00
Time bibliotek/Garborgsenteret
100,-

Marit Eikemo er ein av dei mest kritikarroste og folkekjære forfattarar i Noreg i dag. No er ho aktuell med romanen Team Tuva, ein roman om individet i felleskapet, om Tuva sett gjennom augo til fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Korleis ser dei på ho? Ser dei ho i det heile, og forstår dei kva ho treng? Møt Eikemo i samtale med forfattar og psykolog Peter F. Strassegger om, ja, nettopp Tuva.

Kjøp billettar her

Foto: Agnete Brun/Samlaget