AVLYST: Bokbad med Helga Flatland

30. januar 2021 13.00
Garborgsenteret/Time bibliotek
100,-

På grunn av koronasituasjonen ser me oss dessverre nøydde til å avlysa årets Garborgdagar 25.-31. januar.

Berre konserten med Hilde Selvikvåg 30. januar og Trette menn-marsjen 31. januar går som planlagt. Me håpar å setta opp einskilde arrangement på eit seinare tidspunkt.

Me beklagar dette, men bed om forståing for den vanskelege situasjonen me alle er i om dagen.

Me kjem tilbake med meir informasjon om eventuell refusjon av billettar.


Laurdagstimen. Ein samtale med Peter F. Strassegger.

Helga Flatland frå Telemark er ein av dei mest kjente og prisløna unge forfattarane i Noreg i dag. Ho har skrive seks romanar og ei barnebok. Ho har fått Tarjei Vesaas’ debutantpris og Bokhandlerprisen. I sin siste roman, “Et liv forbi”, skildrar ho forholdet mellom ei dotter og den sjuke mora hennar. Det er ei sterk bok om liv og død, by og land. «… en usedvanlig vakker slutt, livet og døden i ett (…) en roman leseren ikke får ut av hodet på en stund», skreiv NRK. Romanen var nominert til Bokhandlerprisen 2020.

Peter F. Strassegger er psykolog og forfattar frå Bryne. Han har skrive fire romanar og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2012. 

Stad: Garborgsenteret/Time bibliotek, Storsalen
Tid: Laurdag 30. januar kl. 13.00
Pris: 100 kr
Arrangør: Garborgdagar

Kjøp billett

Foto: Agnete Brun.