Bok og broderi

Foredrag ved Vigdis Hjorth

20. mars 2019 19:30
Garborgsenteret
150/100 (medl. Folkeakademiet Time)

Onsdag 20. mars kjem Vigdis Hjorth til Folkekademiet på Garborgsenteret for å halda foredrag. Ho har stått fram som ein av dei mest markante forfattarane i vår tid og har vunne mange prisar for forfattarskapen sin. Romanen «Arv og miljø» seldemeir enn 120 000 og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2018 fekk ho Doblougprisen saman med Helge Torvund.

Hjorth skriv eksistensielle bøker om menneskas vilkår og livsval, og har eit skarpt blikk for aktuelle tema i samtida. Hovudpersonane blir ofte granska med udogmatiske og feministiske tilnærmingar i forhold til rolleforventingar og identitet. Ved tildelinga av Doblougprisen karakteriserte Svenska Akademin henne slik: «Vigdis Hjorth har utvist et aktivt, nær sagt aktivistisk forfatterskap som stadig har utvida feltet sitt, hun har aldri vært forutsigbar, aldri likegyldig i møtene med kjærligheten, med samfunnet hun beskriver, med livsvilkåra karakterene i bøkene hennes plasseres i».

Foredraget på Garborgsenteret har fått tittelen «Bok og broderi». Forutan litteratur vil ho snakka om broderi som meditasjon og politikk. Vigdis Hjorth har alltid vore interessert i handarbeid, både som historisk fenomen og som noko betydningsfullt i dag. For nokre år sidan stilte ho ut eigne broderi på Blaafarveværket. Ho har sagt: «I en veldig rastløs og foranderlig verden er broderiet noe meditativt, langsomt og varig og det har vi behov for i dag. Broderi og søm – ikke minst det å reparera klær, sy og lappe ting sammen pent – er også en motvekt til en ekstrem forbrukskultur. Det er gjenbruk.»

Garborgsenteret si broderiutstilling, «Seks millionar sting», er open før og etter arrangementet.

Foto: Agnete Brun.