Laurdag 9. juli kjem HeiVerden! musikken til Bryne. Bonanza Kidz spelar kjende songar som Namaste, Yeti og Apetempelblues, i tillegg spelar Tusmørke utdrag frå barnemusikalen BYDYRENE, om Grevlingen, Kråka og Ekornet som må flytte til byen og treffer den slemme Rottekongen. Til slutt blir det norsk country ved Roger Græsberg & Foreningen.
13.00: TUSMØRKE
13.40: BONANZA KIDZ
14.20: ROGER GRÆSBERG OG FORENINGEN
15.00: BRYNE OPNE FILMKLUBB
16.00: MUSIKKQUIZ
Dette er eit gratis familearrangement i den nye parken ved biblioteket. Vel møtt!