Velkommen til ein kveld med avishistorie og lokalhistorie i skjønn foreining. Randi Tytingvåg Trio bidrar med musikalske innslag.
Sven Egil Omdal har skrive Aftenbladets meir enn 130 år lange historie.
Aftenbladet har vore tett på rogalendingane sitt liv og både skildra og påverka gledene og sorgene deira. Avisa har rapportert om det første flyet, den første olja, Brynes cupsiger, industrieventyret på Jæren, forvandlinga av Sandnes til ein dynamisk storby, krig og okkupasjon, store katastrofar og utallige små gleder.
I eit variert og levande foredrag vil Omdal visa korleis journalistikk, menneske og samfunn er blitt vevd saman gjennom generasjonar.
Om boka:
«Full beskjed» er ei levande, engasjerande og nyansert beretning om Rogaland og avisa si rolle som nyheitsformidlar, debattarena, vaktbikkje og historieforteljar. Omdal si evne til å kombinera historisk presisjon med litterær kraft gjer dette til ei bok som vil fenga leserane langt utover Rogaland sine grenser.
«Full beskjed» er for alle som vil forstå korleis journalistikk, menneske og samfunn blir vevd saman gjennom generasjonar – slik det ble levd og fortalt.
Arr.: Stavanger Aftenblad og Schibsted Media.
Kjøp billett her