20de seanse

Hausten 1892 arrangerte Arne og Hulda tjue spiritistiske seansar på Kolbotnen. Med seg hadde dei tenestejenta Josefine Aakre og eit par gode vener, såsom Ivar Mortenson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Referatet frå denne tjuande seansen er funne i ei av Arne Garborg sine kladdebøker, men er sannsynlegvis ført i pennen av Mortenson. Datoen er 15. november. Dei begynner klokka fem på ni:

«Efter 12 minuter: Melding.

Ved 6 slag forlangtes materialisation. Paa spørsmål hvem aanden var, svartes: «Synneve».

Paa forlangende erklærede aanden sig paalidelig.

Paa spørsmaal om nogen av cirkelen skulde gaa ud svartes «nei».

Derefter tilkjendegav selskabet at ville vente i taushet til signal gaves.

Medlem Steinsvik gives nu ordet: «Straks det vart stilt, la eg meg att i stolen, daa me tenkte eg skulde sove. Men om ei stund kjende eg den same kalde gusting
kring fingrane aa ei magt som liksom reiste paa meg aa drog hendene opp paa bore.»

Bordet hævede sig og der dikteredes:
«Synneve er død.»

Derefter dikteredes: «Ønsker I at mamma skal vise sig.»

Paa spørsmaal hvilken mama der mentes, svartes: «Den lilles mama».

Derefter dikteredes: «Lille-Synneve uventelig.»

Steinsvik blev nu ført tilbage til stolen, og en sterk tyngsel kom over ham, udenat han dog kunde sovne paa grund av overspændthed. Han blev derfor (som det lod til) ført frem til bordet, hvor hendene gnedes frem og tilbage i krampetrækninger, og blev saa ført ned paa et gulvtæppe, hvor han imidlertid heller ikke kunde faa sove. Han blev igjen ført til bordet hvor dikteredes:
«Kan Steinsvik ligge i sengen.»

Efter at han git fra sig kraft (som det syntes) med gnidning og krampeslag i bordet førtes han hen i sengen. Men da han heller ikke her kunde faa sove, dikteredes: «Kan Steinsvik faa et uldtæppe.» (Blir senere tvil vist, om diktatet var riktig opfattet).

Steinsvik laa nu rolig en stund, og gives ham ordet for at fortælle hvad der senere hændte.

«Eg syntes krafta brukte mange kunsta for aa faa meg i svevn, jore meg heit kring øyro, vridde paa meg for aa faa meg i lege, aa av aa til liksom ga meg in kjælne hugskot. Men so var det liksom krafta jek fraa meg, aa eg drog pusten som vanleg. Ho vrei berre hove fram mot glase. Eg tenkte eg skulde staa op, men la meg te att. Vrei eingong te hove me glase. Trudde daa at eg skulde staa op. Daa eg kom til bore va Josefine sovna. Eg trudde eg skulde in i cirkelen for aa skaffe meir kraft; men kom derve te aa vekke Josefine. Fek so krampeskjelving i fringrane aa gnika mot bore, vart so førd att i stolen. Eg trudde eg sku sove aa kneip augo att. Hove vart vridd att aa opp mot take, aa augneloka opna med krampetak. Eg stirde i stor otte, aa tottes sjaa som ei graakvit sky, men svert dimt var det. So kom skya burt aa eg vart førd aat bore, fekk krampeskjelving (saa ut som skulde eg gi fraa meg kraft) aa vart ført att i stolen, hove lyft aa augo opna som fyrste gongen. Eg stirde (mindre ottefull) aa tottes sjaa ei kvit sky som forma seg te som eit kvinde, el rettare, som ein snømann med stutte arma. Ein gong te vart eg førd tilbors, svere skjelvinga med banking i bore, so førd att i stolen i stilling som før, aa saag daa som eit skyagtigt slør drage seg i regnbogeform burt aa op over meg».

Kommentar i margen: «Ingen av os andre saag noko av dette. A.G.»

Dermed sluttedes seansen frå denne aften, efterat aanden hadde tilkendegivet at den intet mere hadde at meddele, og tillige anmodet Steinsvik at vente med næste seanse til paaske.»

Les meir om Rasmus Steinsvik og Ivar Mortenson. Og her kan du lesa utdrag frå Arne Garborgs artikkel «Lidt spiritisme».