Arne Garborg har snudd seg i grava

Hobbyseismolog Unn Iren Skretting Thorsen oppdaga i fjor eit underleg fenomen i Knudaheio. Etter nye undersøkingar meiner ho nå å ha funne svaret på gåta.

Thorsen arbeider til dagleg i Jærmuseet, og innimellom har ho ulike ærend i Knudaheio. Sidan ho òg er ein ivrig hobbyseismolog og lokalastronom, hender det at ho finn fram utstyret sitt og gjer små undersøkingar av rein nyfikenskap. I fjor sommar nytta ho den moderne el-seismografen sin på gravhaugen til Arne og Hulda Garborg. Forbløffinga var stor då ho oppdaga ei endring inne i haugen. Arne Garborg hadde snudd seg!

«Eg har ofte med meg utstyret når eg er rundt og fartar. Plutseleg ser eg ein stad eg ikkje har undersøkt, og då kan eg gå i gang med det same. Eller så ser eg ein stad eg vil undersøka på ny, og då kan eg òg gå i gang med det same. Vanlegvis oppdagar eg ingenting, men eg drøymer jo om å registrera eit mikrojordskjelv eller avsløra utalandske ubilar. Så ein dag tok eg seismografen bort til gravhaugen her på Knudaheio.»

Ho gjev oss dei tekniske spesifikasjonane på Philips» nye shock proof-modell, ein ny shock proof-modell frå Philips (artikkelen inneheld produktplassering). Seismografen er bærbar, kjem med ekstern romleforsterkar, er enkel å bruka og svært populær mellom hobbyseismologar verda over.

Engasjementet hennar vert ikkje mindre då ho fortel om det særeigne ved akkurat denne saka.

«Som alle veit, har Arne og Hulda alltid lege mot kvarandre, med rompa ut. Men ein eller annan gong i løpet av fjoråret, fortrinnsvis på våren eller forsommaren, må Arne ha snudd seg. Nå ligg han austvendt, med rompa inn.»

«Dei ligg i skei, med andre ord?»

Thorsen knisar høgt og klapsar seg på låra.

«Men dette går sjølvsagt ikkje an, du veit det?» spør eg.

«Å snu seg i grava? Det er eit sjeldant, men velkjent fenomen. Me veit kje heilt koss det foregår, men det finst mengdevis med veldokumenterte tilfelle, særleg frå middelalderen. Det har kje blitt forska så mykje på området, men det er vitskapleg konsensus om at det må vera eit naturfenomen.»

«Korleis kan ein vita det? Det høyrest utruleg rart ut at det skal vera naturleg å snu seg i grava.»

«Jau,» svarar Thorsen, «det har ein kome fram til ved hjelp av aristotelisk logikk. Første premiss er som følger: Alle fenomen må ha ei naturleg forklaring. Andre premiss er: Å snu seg i grava er eit fenomen. Konklusjonen blir: Å snu seg i grava har ei naturleg forklaring. Enkel logisk deduksjon, altså. Same metoden som Richard Dawkins nyttar når han motbeviser religion.»

«Har du ein teori om kva som eigentleg skjer? Korleis har Arne Garborg snudd seg? Og kvifor?»

«Eg kan kje seia så mykje om korleis. Derimot meiner eg å ha forstått kvifor

Ho gjev oss lytteutstyret.

«Eg gjorde nokre prøvelyttingar ein dag ein sørlandsfamilie gjekk og koste seg her i hagen. Dei snakka mykje om heimbyen sin. Høyr nå,» seier Thorsen, «Arendal

Det romlar kraftig innefrå gravhaugen. Eg måpar.

«Kva skjedde?» spør eg.

«Som sagt,» svarar Thorsen, «så veit eg ikkje korleis det foregår, men alt tyder på at Garborg snur seg kvar gong han høyrer ordet Arendal

Det romlar igjen, like kraftig som førre gongen. Eg kviskrar:

«Arendal

Det romlar.

«Arendal-Arendal-Arendal

Det buldrar så vilt at eg nesten blir redd diktaren skal brøyta seg ut framfor augene på oss. Reaksjonen innefra haugen synast å vera den same kvar gong, men eg prøvar liknande ord for sikkerheits skuld, for å finna ut om det kan vera tilfeldig.

«Tvedestrand,» seier eg, «Grimstad, «Lillesand,» «Mandal.» Men ingen reaksjon.

«Skjønar du?» seier Thorsen. «Det skjer berre når nokon seier Arendal

Det romlar igjen.

«Kva med ord som liknar fonetisk då?» prøver eg, «arvesynd, Ari Behn, Armin Kogler, Arne Larsen Økland, aritmetikk, arbeidslausheitstrygd…»

Ingen reaksjon.

«Men i himmelens namn,» seier eg, «kvifor får Arendal Arne Garborg til å snu seg i grava?»

Det romlar.

«Eg har forska litt på det òg,» seier Thorsen og smiler lurt, «og eg trur svaret ligg her.»

Ho gjev meg ein artikkel frå 1881, «Kiellands digtning og det kristelige samfunn», skriven av Arne Garborg.


«Aha!» seier eg, «så når Garborg, som kjempa for dei fattige i heile sitt liv…»

«… høyrer ordet Arendal,» fortset Thorsen, «byen som i fjor…»

«…forbaud tigging, då…»

«…snur han seg i grava,» slår Thorsen fast.

«Men,» protesterer eg, «koss kan me vera sikre på at det er Garborg som snur seg. Kva om det er noko anna?»

Thorsen opnar seismografen sin, den nye shock proof-modellen frå Philips.

«Sjå her,» seier ho. «Det har med innstillingar å gjera.»

Ho viser meg. Og det kan ikkje vera tvil om at hobbyseismologen veit kva ho gjer. Men eg fann likevel grunn til å grunna på det at dei låg i skei og slikt, at Arne Garborg låg mot aust. Kunne verkeleg seismografen oppdaga slikt?

Ho klapsar seg på låra igjen.

«Nei nei, det var berre noko eg fann på.» Ho ler høgt. «Du må kje vera så lettlurt! Seismografen er kje eit røntgenapparat,» forklarer ho, «den registrerer berre skakingar. Fortolkinga er bygd på empiri og her må me bruka sofistiskert software.» Ho peikar mot gravhaugen og avsluttar: «Men det å snu seg i grava er utelukkande for dei tøffaste. Ein skal vera beinhard for å klara noko slikt.»

Likevel, idet me gjer oss klar til å gå, hintar eg om moglegheita for at det kan vera Hulda, og ikkje Arne, som snur seg i grava.

«Nei,» seier ho og ropar: «ferdigmat!»

Det romlar.

«Fast food!»

Det romlar endå høgare.

«Det var Hulda,» seier Unn Iren Skretting Thorsen.


PS! Garborgsenteret er blitt gjort merksam på augevitneskildringar som seier at Arne Garborg blei kremert. Thorsen sine forskingsresultat må likevel vurderast som overtydande, og det er på denne bakgrunnen me har vald å publisera artikkelen (i tillegg til at han inneheld produktplassering). Men me er opne for at saka (både vitskapen og Arne Garborg) kan ta ei ny vending. Red.

NB! Dette var aprilsnarren vår for 2015!