Spelet «STRID» Vidaregåande skular STRID er eit interaktivt spel for 6-20 deltakarar. Det varer i 90 minutt. Spelet skal gje deltakarane innblikk i mellom anna språk, bruk av media og ikkje minst deltaking i samfunnet. |
|
|
|
Språk og politikk Vidaregåande skular Innføring i bakgrunnen for den norske språksituasjonen, framveksten av to skriftspråk og kva det betyr for oss i dag. Gjennom aktivitetar og diskusjon gjer me sjumilssteg gjennom 300 års språkutvikling, og ser nærare på kva faktorar som har utvikla språket. Me snakkar òg om koss språket blir vidareutvikla i dag. |
|
|
|
Likestilte? Vidaregåande skular Blir jenter og gutar oppdratt likt i dag? Korleis har kjønnsrollene utvikla seg, og kor langt er me frå full likestilling? Gjennom oppgåver får elevane utforska problemstillingar knytt til kjønn og samfunn. Kjønnsrollar blir problematiserte, både i politikken, arbeidslivet og heimen. Last ned informasjon i pdf-format. Ein kan òg besøka Garborgheimen på eiga hand, då kjem ein ikkje inn i huset, men ein kan arbeida med oppgåver knytt til byggeskikk og livet på 1800-talet. Sjå pdf her. |
|
|
|
Mot til å meina Vidaregåande skular Ferdig pedagogisk opplegg om demokrati og deltaking til fri bruk av lærarar i vidaregåande skule. Tilpassa gjeldande læreplan, med oppgåver og vurderingsskjema klart til kopiering. |