Spelet STRID

STRID er eit interaktivt spel for 6-20 deltakarar, med muligheit for fleire. Det varer i 90 minutt. Spelet skal gje deltakarane innblikk i mellom anna bruk av media, språk og ikkje minst deltaking i demokratiet.
Spelet passar både for skuleklassar og til teambuilding. STRID
Deltakarane vert inndelt i fire lag, og får som oppdrag å finna ei løysing på ein særs tilspissa språkstrid.

FedraheimenDiversity Future ForwardYggdrasil

I Heimland har dei aller fleste selskapa i privat næringsliv for lengst gått over til å berre nytta engelsk som arbeidsspråk. Fleire av TV-kanalane har kutta det nasjonale språket i sine sendingar. Styresmaktene foreslår no å innføra engelsk som offisielt hovudspråk. Utviklinga har skjedd over lang tid, men no kan språkendringa bli lovfesta.

Spelet startar idet det er kort tid igjen til folkeavstemminga. Gruppene sin kanal for å få fram sine argument er nettavisa «Den 17de Mai», kor dei publiserer sine synspunkt gjennom korte, eogenproduserte slagord og artiklar. Gruppestasjonane i redaksjonen vil vera gruppa sitt kontor, kor dei kan senda og ta imot e-postar, søka i artiklar, nytta sosiale media og telefonar.

SmilBearbeiddWebEin interaktiv guide viser gruppene veg gjennom oppdraga, via video på skjerm. Undervegs må dei løysa oppgåver. Oppgåvene vil gjennomgåande utfordra deltakarane til å meina noko sjølve og til å formulera tankane sine.

Utover i spelet opplever deltakarane at konflikten stikk djupare enn berre språket. Dei vil sjå at geopolitiske, økonomiske og sosiale endringar ligg bak. Situasjonen eskalerer og aksjonane tilspissar seg. Etterkvart oppstår situasjonar som tek inn tema som identitet, likestilling, demokrati, rettferd og kultur. Det er dette rollespelet i hovudsak dreier seg om vidare. STRID tek inn alle desse temaa.

For bestilling eller spørsmål, kontakt garborg@jaermuseet.no. Skuleåret 2013/2014 varSTRID ein del av den kulturelle skulesekken for vidaregåande skular i Rogaland, les meir her.


Den 17de Mai 3krymp


«Elevene (…) brukte interaktive ressurser for å løse oppgavene, men viktigst av alt var å samle gode, begrunnede argumenter for sitt syn for så å overgå motpartens argumentasjon. Det ble mange gode debattinnlegg fra engasjerte elever.»
akrehamn.vgs.no, 19.05.14

«Perlen i utstillingen er spillet Strid. (…) Målet er å vinne en folkeavstemming, og underveis foretas valgmålinger. Dette vekker konkurranseinstinktet. Det samme gjør tidsknappheten. Dagen jeg er til stede deltar en lokal videregående skoleklasse. Selv om karakterene ikke blir delt ut denne dagen, sitter drøyt halvparten av elevene igjen og fortsetter utforskningen etter skoleslutt.»
Per A. D. Jynge, Museumsnytt nr. 1/2013