Kronene rullar inn til Garborg

No går Nasjonalt Garborgsenter breidt ut og oppmodar private, store og små bedrifter til å vera med på ei kronerulling. For kvar krone som kjem inn, stiller Sparebank 1 SR-Bank opp med same beløp.

I 1921 fekk Arne Garborg svimlande 104.000 kroner – og ein fjordhest – i gåve frå det norske folket. No håper Garborgsenteret at folket igjen vert med på ei folkegåve til Garborg.

Vil du gi ei gåve til senteret, kan du setta pengar inn direkte på kontonummer 3335.07.03409. Merk gåva «Gåve Garborgsenteret + namnet ditt / evt. bedrifta di». Alle som gir ei gåve, vil få namnet sitt i senteret sin takkeprotokoll.

Skattefrådrag: Du kan få skattefrådrag for gåver til Garborgsenteret. Minimumsbeløp for å få skattetrekket er 500 kroner. Ring Jærmuseet v/Elisebeth Rugland, tlf 475 00 333 for meir informasjon.

Arne_og_Hulda_web2

 

Det vert nok stridt;

men litt om litt

det gjeng, når kvar vil gjera sitt.

Tek kvar og ein

sin vesle stein,

er snart vår åker rein.

Arne Garborg

 

Me gler oss til opninga!

Teikningane av Hulda og Arne Garborg er teikna av Steffen Kverneland.