“Endeleg er det dags for å lansera den nye fornøyelsesparken vår, ein familiepark i Garborgheimen!» nesten ropar Garborgsenteret sin leiar, Inger Undheim, på telefon frå bokmessa i Leipzig. Der er ho for å delta på lanseringa av Haugtussa på tysk. «Nå kan Jærmuseet ta opp kampen med Kongeparken!»
Ho fortel: «Me har jo sett denne utviklinga i ganske mange år nå. Dyreparken brukar Torbjørn Egner. Astrid Lindgren har fått sin eigen park i Sverige. Det er på høg tid at Arne Garborg blir lyfta frå museum til fornøyelsespark.»
Det meste er allereie klart:

«Det blir halmsenger. Ungane søv to eller tre saman i kvar seng. Det blir nesten som overnattingsbesøk! Vidare følger me døgnrytmen til familien Garborg. Ungane blir vekka litt før klokka fem kvar morgon av ein brysk arm. Faren skal ha dei med på andakt. Deretter er det gardsarbeid fram til lunsj. Så arbeid igjen. Fisk eller graut med flatbrød til middag. Om kvelden er det å hjelpa mor inne i huset, deretter andakt. Til slutt leggetid med aftensbønn. Ungane kjem til å elska det! Dei får utdelt gamle, stive, heimelagde skinnklede og tresko som er skikkeleg harde. Alt skal vera som under Arne Garborg sin oppvekst. Då var faren Eivind «herre i eige hus». Ingen hadde lov til å seia imot han. Slik skal det vera i familieparken vår òg. Me skal følga husreglane han innførte.”
Barna skal få gjenoppleva den på mest realistiske vis, seier ho.
“Dei skal leika at dei er Arne og syskena hans», seier ho, og legg til: «Nå var det jo strengt tatt lite leik i barndommen til Arne.” Ho fortel at Arne hadde ei kongle å leika med, men at dagens gjester skal få utdelt to.
“Dei får ta konglene med seg heim om dei vil. Som suvenirar!”
Parken kan berre ta imot ni ungar om gongen, men Undheim reknar med at det blir lange køar:
“Det er for å halda det realistisk. Dei var ni i syskenflokken. Ikkje alle får vera Arne, men oppveksten var lik for alle.»
Og realistisk, det har dei verkeleg lagt seg i selen for å få til.

Det betyr mellom anna at det ikkje er lov å le, for det står ikkje i Bibelen at Jesus lo. Maten må vera smaklaus, for du skulle ikkje kosa deg med han. Då gløymte du jo å tenka på Gud. Til gjengjeld blir det mykje fisk:
“Ja, det er mest realistisk. Og alle må eta opp fiskebeina. Elles hadde Gud skapt fisken uten bein. Det meinte iallfall Eivind Garborg.”
Finst det ingen problem med å gje ungane ein oppvekst som var vanleg for hundreogfemti år sidan?
“Den var aldri vanleg“, seier Undheim. “Arne Garborg og syskena hadde det ikkje som andre. Men sjølvsagt blir det problem. Noko anna ville ikkje ha vore realistisk.
Det blir sjølvsagt utedo: “Tenk så spennande for små romper!” ropar Undheim. “Dette blir ute på ordentleg, ein pinne å sitta på under epletreet. Akkurat som på Arne Garborg si tid.”
Ungane får ikkje lesa noko anna enn Bibelen.
“Men”, seier Undheim, “me legg fleire bøker i den blåe kista. Så blir det opp til ungane å tjuvlesa utan at faren oppdagar dei. Det blir spennande.
Om ungane får ris?
“Det kan eg ikkje svara på ennå”, svarer Undheim. “Men det blir ikkje lov å nynna eller snakka tull. Og så må ungane i kyrkja kvar sundag.”
«Kvar sundag? Skal dei bli verande lenger enn éi overnatting?»
«Dei blir i sytten år, akkurat som Arne Garborg.»
Ingen positive reglar?
«Å, jau då! Det skal vera gildt i ein familiepark! Til dømes blir det forbod mot å drikka kaffi. Eivind Garborg meinte at ingen nordmenn skulle drikka kaffi. Dette kjem ungane til å elska! Dei likar jo ikkje kaffi!»

Og parkens namn:
«Det er det store spørsmålet. Me står igjen med to alternativ, begge bygd på parken sitt motto Sandheden, Sandheden, om det så skal føre til Helvede! Det er eit Garborg-sitat, sjølvsagt.”
«Og alternativa er?»
«Sanningsland eller Helvedesland. Marknadssjefen i Jærmuseet må bestemma. Ho veit kva som sel. Men eg håpar jo det blir Sanningsland. Faen heller, Helvedesland hadde vore heilt krise. Ikkje så mykje på grunn av banninga, men herregud…” Undheim trekk pusten, «… Helvede er jo eit dansk ord! Kva vil målrørsla tru?»
Me ønsker lukke til, og lovar å ta kontakt om sytten år for å høyra korleis det gjekk.
A P R I L S N A R R