Diktarvegen er den første litteraturruta i Noreg. Ho startar på Jæren og går gjennom Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og endar i Sunnfjord. Langs denne vegen er fem store klassiske norske forfattarar fødde. Målet er å skapa kulturopplevingar – og kanskje eit høve til ettertanke.
Desse er med: Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Garborgsenteret, Rasmus Løland-markeringa 2007-2011, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-stiftinga.