Diktarhjulet

Diktarhjulet er ein ny, norsk attraksjon. Det består av fem stålringar montert utanpå kvarandre. På kvar av dei er det inngravert ei mengde ord som tilhøyrer spesifikke ordklassar, hjulet er konstruert etter den same oppskriften som det norske språket. Du startar med substantiv og pronomen i den inste ringen, så får du verb i ring to, preposisjonar, adverb og adjektiv i ring tre og fire før du gjer setningen ferdig med eit nytt substantiv. Meininga er at du skal kunna laga mange dikt langs ei gitt linje. Og når du først har laga eitt dikt, har du plutseleg fleire moglegheitar rundt heile hjulet.

IMG 4130dokbearb
Drei på ringane og du kan skapa endelaust med setningar (foto: Ingeborg Skrudland). Stavanger Aftenblad kalla hjulet ein «diktstrofe-generator» og Helge Torvund tvitra at det å dikta på diktarhjulet var «snurrealisme».

Så snurr eit dikt, då! Bli ein snurrealist, du òg!


//

Ingen søv på angrande ord
Torhild Widvey, kulturminister

Sykkelen klimprar sine sørgande løgner
Håvard Rem, poet

Sanninga undrar omkring kalde tankar
General Forsamling, bluesartist

Draumane lever innanfor skinande framtid
Hanna Marcussen, politikar

Hendene ertar deira kveldblå føter
Øyvind Berg, poet

Draumane juksar nokre sølvkvite brev
Helge Torvund, poet

Myggen dansar på lynraske føter
Bongo Jensen, fotballidiot

Vinden vaknar mellom Garborgske draumar
Nora, 12 år

Myggen speler sin lette musikk
Frøya, 7 1/2 år


«Diktarhjulet er større og klokare enn oss.»
Håvard Rem på Garborgsenteret, 21.11.13

«Diktarhjulet i Garborgsenteret var heilt fantastisk | snurrealisme på sitt mest rundhanda.»
Helge Torvund, Twitter 20.06.12

«Få klarer å gå forbi «Diktarhjulet» uten å ta seg en snurr eller to.»
Rolf Frøyland, Stavanger Aftenblad 15.06.12 (sjå videoreportasje her)