Turorientering i Knudaheio 2022

21. april 2022 - 1. mai 2022
Knudaheio
Gratis

Velkommen til turorientering i Knudaheio! Vinn dagstursekk eller turkopp i premie. Deltakarpremie til alle barn.

Turorientering er ein gild utandørsaktivitet for store og små. Gå på jakt etter postane som er merka på kartet, og stokk tal og bokstavar til eit løysingsord. Skann QR-kodane i Garborgløypa som er merka på kartet, og fortel kva filmen viser. Deltakarar som leverer rett løysing til Garborgsenteret, blir med i trekking ein dagstursekk og tre turkoppar. Lever i museumsbutikken eller på e-post garborg@jaermuseet.no. Alle barn som deltar, kan henta ein liten premie på Garborgsenteret.

Bruk kartet over eller hent i museumsbutikken på Garborgsenteret og på Undheim handelslag i perioden 21.4.-1.5. Det vil også vera mogleg å lasta ned kartet på nett etter påske, og via QR-kode i Knudaheio. Arr.: Garborgsenteret og Ålgård Orientering.
PS! Kafeen Smiå på Undheim er open sødagane 24. april og 1. mai. Skrivestova i Knudaheio opnar for sesongen 1. mai.