Litterær lunsj: Arne Garborg sine tresko, berømte i to verdsdelar

13. november 13.00
Kafeen
Gratis

I 1931 blei Garborg sine fillete tresko stolne frå Knudaheio. Same hausten kunne ein lesa i Nordisk tidende, basert i New York, at norskameerikanaren Søren Lura hadde tatt dei med seg til USA. Dette utløyste eit rabalder og stilte viktige prinsipielle spørsmål om museumsdrift og eigarskap. Debatten gjekk høgt i Noreg og blant norskamerikanarane.

Garborgsenterets Ørjan Zazzera Johansen har dykka ned i gamle aviser og fortel den merkelege historia om skoa, som nå er ein sentral del av den nye utstillinga i Knudaheio.

Bildet er frå detekvspelet i Garborgsenteret si utstilling, Treskomysteriet, og viser dei originale treskoa.