Gullet kjem heim! Me stiller ut medaljen Arne Garborg fekk i gåve av det norske folket etter at han blei slått på målstreken av Knut Hamsun ved tildelinga av nobelprisen i litteratur 1920.
Dette er kanskje verdas einaste Nobel-sølvmedalje, men ho var meint som eit gull, innsamla av målfolket. Målungdommen starta innsamlinga, som endte med 104000 kroner (tilsvarande mellom to og tre millionar i dag), ein hest og altså denne medaljen.
Me opnar utstillinga med besøk medaljen sin eigar, samlar Carl Christian Mathiesen frå Bærum. Han fortel om korleis han kom over medaljen og korleis det er å vera ein samlar av litterære effekter. Leiaren av Norsk målungdom, Sebastian Vinsent Natvig, kjem òg. Programleiar er Garborgsenterets Ørjan Zazzera Johansen, som leita etter medaljen i fleire år før han kom til rette i sommar.
“I Grunden er dette gildare” (enn å få Nobels litteraturpris), skreiv Garborg i dagboka si, rørt over støtten frå det norske folket.
