Kaizers sponsar Garborgsenteret

"Garborgsenteret er ein link heim for oss, til språket, dialekten vår", seier Kaizers Orchestra-vokalist Janove Ottesen på telefon. Bandet har nemleg bestemt seg for å donera 30 000 kr til senteret på heimstaden Bryne.

«Me synst Garborgsenteret er ein kul ting», seier han, og utdjupar: «Me kjenner at me har noko til felles med Arne Garborg. Me skriv historier, lagar teater, han er ein slags kollega.»

Ottesen fortel at Arne Garborg på mange måtar har vore ein foregangsfigur for dei. Ikkje bare geografisk og kunstnarisk, men òg når det gjeld gjennomslagskraft: «Garborg er ein av dei mest kjende jærbuane i verda, han fekk bodskapen sin fram – ikkje bare i Noreg, men i verda. Han gjorde si eiga greie, og det gjer me òg. Me òg når ut til folk, i Noreg og i utlandet.» Han tek ein pause, før han avsluttar: «Bryne er lite, men eit godt nok utgangspunkt.»

Om det var noko usemje innad i bandet? Det er trass alt snakk om ganske mykje pengar.

«På ingen måte. Alle er med. Alle veit kva Bryne betyr for oss.» Han utdjupar: «Som andre jærbuar har me vakse opp med Garborg. Me har lese pensum og me ser fram til å besøka senteret. Me har jo høyrt om korleis det ser ut, om løypa ein går, spel og oppgåver ein kan løysa. Me kjem på besøk når me får tid. Skulle me først sponsa noko, var Garborgsenteret eit sjølvsagt alternativ. Me likar å gjera utradisjonelle ting.»

KaizersStilleDetalj2

Han snakkar frå mikserommet, bandet er i Bergen og legg siste hand på den neste plata, Violeta Violeta III, som kjem i desember.

«Me er cirka halvvegs i miksinga. Låtane er ferdig innspelt. Og denne gongen har me eit symfoniorkester med, det lét vanvittig storslått.»

Det er for øvrig ikkje første gongen at Kaizers Orchestra går nye vegar. Eit år spelte Bryne FK med Kaizers-logoen på drakta. «Me er ikkje eit vanleg band,» avsluttar Ottesen, «me følgjer ikkje bransjestandarden. Me gjer det me synst er kult, og så får me bare håpa at andre likar det.»


*

Garborgsenterets avdelingsleiar Inger Undheim jubla høgt då ho fekk nyhendet. «Me er utruleg takknemlege,» seier ho, «det er stor stas at Kaizers vil sponsa Garborgsenteret,» og legg til: «Eg håpar andre følgjer etter. Det er mogleg for alle å støtta oss, både privatpersonar og bedrifter. Bedrifter som gir 25 000 eller meir, får namnet sitt på inngangspartiet til senteret. Me har mange namn på lista, men plass til fleire!»

Garborgsenteret opna for publikum 2. juli – men den offisielle opninga er planlagt 5. september, då kulturminister Anniken Huitfeldt kjem for å klippa snora.
KaizersRørsle2                                                                             Kaizers Orchestra – eit utradisjonelt band.


Tekst: Ørjan Johansen. Foto: Morten Rygaard.