Forfattarane Camilla Bogetun Johansen og Ingrid Z. Aanestad møter Garborgsenteret sin eigen Ørjan Zazzera Johansen til litterær samtale. Forfatterane snakkar om det å være to skapande menneske, som også er partnarar og lev saman. Korleis er det å være to kreative menneske i ein så tett relasjon som eit samliv er; er det inspirerande, utviklande, kan det til og med være konkurranseprega nokre gonger? Kva slags likskapar og skilnadar finst i arbeidsmetodane deira, i synet på kunst, i uttrykka, forma og innhaldet i det dei skriv? Bogetun er frå Finnmark medan Aanestad er frå Jæren. Formar språk, dialekt, stad og landskap litteraturen dei skriv?
Sidan samtala tross alt føregår på Garborgsenteret, kjem vi heller ikkje unna parallellen til Hulda og Arne Garborg.
Kvar: Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, 4344 Bryne
Når: Onsdag 7. oktober kl. 19.00
Billetter: Kr 100,- kan kjøpast i døra eller på net her
Camilla Bogetun Johansen vaks opp i Finnmark og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen Egen maske først. I 2023 kom hennar andre roman, Jeg har kolleger, ein kraftfull roman om omsorgsarbeid.
Ingrid Z. Aanestad debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag, og allereie den gongen blei ho peikt på som eit udiskutabelt talent. Ho har sidan gitt ut ytterlegare sju romanar og to essaybøker. Hennar førebels siste bok er ny av året, romanen Eit verkeleg liv.
Konseptet Familieterapi er utvikla av Norsk Forfattersentrum. Dette er det fjerde i ei rekke arrangement som føregår på ulike stader i Rogaland. Dette spesifikke arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Garborgsenteret. Serien er støtta av Rogaland Fylkeskommune og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.
Foto fra venstre: Fartein Rudjord og Anna-Julia Granberg Blunderbuss