Fredag 29. mai kl. 11 opnar kommunedirektøren i Time høgtideleg årets jærdag i jærdagsteltet ved Storgata på Bryne. Etterpå overtar Arne Garborg (Ørjan Zazzera Johansen) og bibliotekaren Kristine (Helgesen). Dei feirer diktaren sin 175-årsdag med rare dikt og spilloppar for 150 femåringar (barnehagane i Time).
Dagen etter, laurdag 30. mai kl. 11 blir det ei ny teateroppsetting same staden, og nå blir det full fest med kake for alle!Alle er velkomne!
Der blir det også live podkast med TING fredag 29. mai kl. 15.15 i Jærdagsteltet. Då er det programleiar Christian Gilsvik (kjend frå “Historier som endret Norge”) og Garborgsenterets Johansen som diskuterer kven som er størst av Garborg og Haaland.
Laurdag 30. mai kl. 14 kan du høyra Johansen halda foredrag i teltet om Arne Garborg i anledning at den store jærbuen i 2026 fyller 175 år. Kva var det med han som var så spesielt, og korleis gå det med bøkene og kampsakane hans i dag?