Ledig stilling: vert til Garborgmusea

Er du utovervend og engasjert, med interesse for historie, samfunnsvitskap, språk og litteratur? Me søker nå sommarvertar til å jobba på Garborgsenteret, Garborgheimen og Knudaheio.

Vil du ha ein sommarjobb der du får jobba på nokre av Jærens mest unike kulturstader, og bli betre kjend med Hulda og Arne Garborg? Me søkjer nå sommarvertar til musea Garborgsenteret, Garborgheimen og Knudaheio.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot gjester med eit smil og vera eit varmt vertskap
  • Skapa gode museumsopplevingar for gjestene på Garborg-musea
  • Formidla utstillingane og Garborg-historie på ein engasjerande måte
  • Rettleia gjester som spelar Treskomysteriet
  • Jobba i resepsjon og selja varer i museumsbutikken
  • Hjelpa til med rydding og lett reinhald
  • Ta på deg ulike oppgåver som dukkar opp

Arbeidstid


Kvar dag inkludert helg (5,5 timar) i sommarsesongen 1. juli til 16. august. Sommarvertane våre har om lag fem vakter per veke, og arbeider normalt mellom tre til fem veker i løpet av sommaren.

For aktuelle kandidatar kan det vera mogleg med laurdagsjobb på Garborgsenteret frå hausten 2026 og på arrangement ved behov.

Ungdom og unge vaksne blir spesielt oppfordra til å søkja.

Du treng eige transportmiddel for å koma deg til Garborgheimen og Knudaheio.

Kva bør søknaden din innehalda?

For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:

  • Kvifor du meiner at du passar godt inn i rolla som vert
  • Kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga, og kvifor du ønskjer å jobbe akkurat hos oss
  • Om du har relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv
  • Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva hobbyar eller fritidsinteresser du har
  • Anna du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din

Me legg vekt på søknadar skrivne med eigne ord, og ikkje av KI.

Fleire opplysningar?

Ta kontakt med avdelingsdirektør Inger Undheim på telefon 97 53 25 29 / inger.undheim@jaermuseet.no