På Garborgsenteret får barna heile anlegget for seg sjølv. Dei kan utforska utstillinga, leika, kle seg ut og teikna. I tillegg har me alderstilpassa aktivitetar.
Grunnpakke kr. 200,- inkluderer:
Pølse i brød
Brus
Saftis / fløteis
Inngangsbillett
Alderstilpassa aktivitetar
Verdt å merka seg:
- Du kan gjerne ta med kake om du vil
- Minimum 8 barn, maksimum 30 barn
- Det skal vera ein vaksen per 10 barn, minimum 2 vaksne uansett
- Aldersgrense 5-12 år
- Meld frå om allergiar eller andre behov
Tidspunkt
Me tar imot selskap på følgande tidspunkt:
Fredag kl. 17-19
Laurdag kl. 15-17
Søndag kl. 17-19
Bestilling
Send ein epost til garborg@jaermuseet.no med følgande detaljar:
- namn og alder på jubilanten
- ønska dato og klokkeslett
- tal barn og vaksne (dette kan endrast seinare)
- eventuelt ønska ekstraaktivitetar
Spørsmål? Ring oss på tlf. 47 77 60 20