Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Undervisningsti...  >  Kulturlandskapet

Kulturlandskapet som klasserom

Stad: Hanabergmarka, Kvia, Nærbø

Hanabergmarka kulturminne- og friluftsområde
Hanabergmarka er eit utmarksområde på 700 dekar. Området omfattar mange ulike natur- og kulturhistoriske element. Fornminner frå bronse- og jernalder, samt anna dokumentasjon om jordbruksdrift frå mellomalderen og fram til i dag er framleis synleg i kulturlandskapet. Området omfattar også ein variert flora og fauna.

Delar av undervisningsopplegget er lagt i dette mangfaldige kulturlandskapet. Det er såleis mogleg å tileigna seg artskunnskap om flora, fauna og forvaltning av kulturlandskapet gjennom dei markvandringane undervisninga legg opp til. Ein kan nemna merka løyper(med kart) som ”natursti, kulturminneløype og krigsminneløype.”

Elles er det undervisingsopplegg eller omvising i Hanabergsmarka som ikkje fylgjer noko aktivitetsplan. Det vert tilpassa dei enkelte skulane, utifrå deira ynskje.Undervisningsopplegg /omvisingar ved Vitengarden har mange ulike emne og problemstillingar å gripa fatt i. Kulturminna er mange og mangfaldig, og spenner over ein lang tidsperiode. Det er difor både ei oppgåve og ein utfordring for vitensenteret å få formidla denne kunnskapen vidare til så brei brukargruppe som mogleg. Målsettinga er å integrera natur- og kulturhistoria i formidlinga på ein slik måte at heilheita og samanhengen kjem fram både i rom og tid.

Emne:

  • kulturlandskapet
  • jordbruk i eldre- og nyare tid
  • mekaniseringa i jordbruket
  • byggjeskikk/arkitektur
  • tekstil- og kledetradisjonar
  • jærsk tradisjonsmat
  • naturen som ressurs
  • veidefolk, jordbruk og livberging

I tillegg til dei mange fornminna i Hanabergmarka er der også mykje krigshistorie frå siste verdskrigen. I 1998 vart det opna ei krigsutstilling i kommandobunkersen som forsvaret har frigjort for allmenn ferdsel. Det er i den samanheng også lagt til rette undervisningsopplegg som særleg tek føre seg den lokale krigshistoria.

Aktuelt
Kem gidde vera Afrika?

I slutten av september opnar utstillinga "Ei verd på spel" på Vitengarden, eit 250m2 stort og urettferdig brettspel. Gidde du å vera Afrika?

Sommaren på Vitengarden

Ta deg ein tur til Jærmuseet Vitengarden i sommar! Me har ope kvar dag ut august - og her er det mykje å finna på for store og små - både på solfulle og regnvåte dagar.

"Zzzummande dag" på Vitengarden sundag 13.juni!

Har du nokon gong besøkt eit biehotell? Ikkje det? Kom til Vitengarden på sundag og få eit 5-stjernes hotellopphald i tillegg til mange andre aktivitetar knytta til bia.

Presseklipp