Vedtekter for stiftinga Jærmuseet

Sist vedtatt i styremøte i Stiftinga Jærmuseet 30.september 2014

  • §1

Stiftinga Jærmuseet er eit eige rettssubjekt stifta av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp,

Randaberg, Sandnes, Sola og Time. Stiftinga Jærmuseet har ein grunnkapital på kr. 200.000,-. Museet sitt forretningskontor ligg i Hå kommune.

 

  • §2

Jærmuseet er ein del av det nasjonale museumsnettverket og Rogaland fylke sitt samla

museumsstell. Museet si verksemd skal tilpassa seg dei retningsliner, ordningar og krav

offentlege styresmakter stiller til museumsvesenet, og gjeldande avtalar mellom

stiftarkommunane og museet.

 

  • §3

Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie, dei

tekniske utviklingslinene i norsk jordbruk og ta på seg andre nasjonale

dokumentasjonsoppgåver på område der dette er naturleg.

Dette arbeidet skal skje gjennom innsamling, bevaring, forskning og formidling.

Jærmuseet er ein møtestad mellom natur, kultur og teknologi, mellom fortid og nåtid.

Museet skal bidra til at folk flest, og særleg barn og unge, får auka kunnskap om og betre

forståing for desse samanhengane slik at vi kan oppretthalda og vidareutvikla eit

teknologibasert samfunn som samtidig tar vare på natur og miljø, kultur og historie.

 

  • §4

Styret er museet sitt høgste organ. Styret skal ha 10-12 medlemer som skal veljast på

følgjande måte:

  1. Kvar av stiftarkommunane oppnemner 1 styremedlem med vararepresentant.
  2. Rogaland fylkeskommune oppnemner 1 styremedlem med vararepresentant.
  3. Museet si valnemnd, jfr. § 7, føreslår to eksterne styremedlemer med vararepresentantar.
  4. Museet sine tilsette kan velja inntil 2 styremedlemer med vararepresentantar.

Kommunale og fylkeskommunale oppnemningar skjer for valperioden, andre for to år om

gongen.

Skifte av styret skjer i det møtet der det sitjande styre slutthandsamar årsmelding og

revidert rekneskap for det året som gjekk.

Styret veljer sjølv leiar og nestleiar for 2 år om gongen, etter forslag frå valnemnda.

Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemene er til stades.

Ved lik stemmegjeving er styreleiar, og i hans fråvær møteleiar, si stemme avgjerande.

Styret har ansvar for museet si organisering og drift innanfor den vedtekne budsjettramma.

Styret skal og sjå til at samlingane blir tekne vare på og forvalta på forsvarleg vis.

Styret tilset dagleg leiar, vedtar instruks for dagleg leiar og gir retningsliner for den daglege

drifta.

Styret skal protokollføra forhandlingane sine, sørgja for fullnøyande rekneskapsføring og

leggja fram årsmelding og revidert rekneskap. Når styret har slutthandsama årsmelding og

rekneskap skal dette sendast stiftarkommunane og Rogaland fylkeskommune.

Rekneskapen skal reviderast av offentleg revisjonsorgan eller statsautorisert revisor etter

gjeldande reglar. Fylkeskultursjefen har møte-, tale- og forslagsrett i styret, og skal såleis motta innkalling til, og referat frå, styremøta.

 

  • §5

Museet sitt budsjett vert finansiert ved tilskot og eventuelle driftsinntekter.

Styret syter for at budsjettforslag for kommande år vert utarbeidd innan 1. mai og sendt

stiftarkommunane og fylkeskommunen som budsjettsøknad.

Stiftarkommunane betalar driftstilskot til museet med ein kronesats pr. innbyggar.

Krone-satsen vert føreslått av styret og godkjent av kommunane saman med

budsjettsøknaden.

Når tilskotsvedtak ligg føre fastset styret i desember endeleg budsjett for kommande

driftsår. Vertskommunetilskotet vert for kvart år avtalt direkte mellom museet og dei kommunane

der museet har avdelingar eller har forvaltningsansvaret for museale bygningar og

samlingar.

 

  • §6

Museet skal ha ein dagleg leiar som står for den daglege leiinga av museet si verksemd etter

dei retningsliner som styret til ei kvar tid bestemmer. Dagleg leiar skal sørgja for at

rekneskapen er i samsvar med lov og forskrifter og at formuesforvaltinga er ordna på

betryggande måte.

Dagleg leiing av museet omfattar ikkje saker som etter tilhøva ved museet er av uvanleg art

eller stor betydning

 

  • §7

Mellom styremedlemene oppnemner styret ei valnemnd på tre personar.

Valnemnda skal føreslå to eksterne styremedlemer med vararepresentantar og skal

vidare leggja fram forslag på styreleiar og nestleiar, jfr. § 4.

 

  • §8

Jærmuseet kan ha eigne avdelingar.

 

  • §9

Det kan skipast vennelag tilknytt Jærmuseet sine ulike avdelingar. Vennelaga har som formål

å støtta verksemda ved museet og ved avdelingane. Vennelaga fastset sjølv vedtektene sine.

 

  • §10

Styreleiaren, saman med dagleg leiar, pliktar Stiftinga juridisk.

 

  • §11

Vedtektene kan endrast av styret med 3/4 fleirtal. Før styret vedtar dei nye vedtektene skal

endringsforslaget sendast stiftarkommunane og Rogaland fylkeskommune til høyring.

 

  • §12

Dersom ein av stiftarkommunane vil trekka seg ut av samarbeidet må kommunestyret i

vedkommande kommune gjera vedtak om dette med minst 12 månaders varsel.

Utmeldinga gjeld frå 1. januar i det rekneskapsåret som startar etter at utmeldingsfristen på

minst 12 månader er ute. I utmeldingsperioden har vedkommande kommune tilskotsplikt i

samsvar med § 5. Kommunar som trekker seg ut har ikkje krav på nokon av museet sine eignelutar dersom ikkje anna er avtalt.

 

  • §13

Vedtak om oppløysing kan gjerast av styret med 3/4 fleirtal i to særskilde styremøte. Etter at

styret har handsama forslaget første gong skal forslaget om oppløysing sendast

stiftarkommunane og Rogaland fylkeskommune til høyring før styret handsamar forslaget

for 2. gong. Ved oppløysning skal disponeringa av museet sine eigneluter avgjerast av stiftarkommunaneog Rogaland fylkeskommune i fellesskap.