Vitensenteret i Sør-Vest

Utforsk spennande aktivitetar på vitensenteret i Jærmuseet!

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Vitensenteret i Jærmuseet består av to lokalitetar – Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes. I tillegg har me Science Circus – vårt «vitensenter på hjul» som besøker skular i heile Rogaland.

Vitengarden er «vitensenteret midt i matfatet». Utstillingar og formidling på Vitengarden tar utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruk, mat, energi og miljø.

Utstillingane på Vitenfabrikken er forankra i den regionale industrihistoria og byhistoria for Sandnes. Hovudtema elles er matematikk, astronomi, energi og miljø.

I 2015 hadde vitensenteravdelingane i Jærmuseet 140.000 besøkande! Medan det samla talet for heile Jærmuseet var 203.510 gjester.

Kva er eit vitensenter?
Eit vitensenter er eit museum eller opplevingssenter der ein formidlar kunnskap om naturvitskap og teknologi gjennom interaktive utstillingar og eksperiment.

Eg gjer – kva skjer?

På vitensenteret kan både barn og vaksne eksperimentera med modellar og utforska teknologi og naturvitskaplege fenomen i fellesskap med andre. Du kan erfara koss teoriar fungerer i praksis og koss teknologien blir brukt i forsking og arbeidsliv. Utstillings- og formidlingsmetodane skil vitensentera frå tradisjonelle museum – på vitensenteret skal publikum sjå og røra. Vitensentera bygger si formidling på eit aktivt læringssyn – barn og unge skal «læra ved å gjera «. Eller for å sitera det gamle kinesiske ordtaket: «Eg høyrer og eg gløymer, eg ser og eg hugsar, eg gjer og eg forstår».
Vitensentra skal legga til rette for at folk flest får betre kjennskap til og kunnskap om den teknologien som omgir oss i kvardagen, og koss naturvitskapen og den teknologiske utviklinga påverkar samfunnet rundt oss. Dei skal bidra til å auka interessa for naturvitskap og teknologi, og motivera barn og unge til å velja utdanning innanfor desse faga.

For meir informasjon om vitensentra i Noreg, sjå: www.vitensenter.no.

«Menneska har ikkje forstått før dei kan bruka kunnskapen i ein ny situasjon»
(Howard Gardner)