
God opplevingar for familien – heile året!
Med årskort frå Jærmuseet får du eit heilt år fullt av opplevingar, nysgjerrigheit og gode stunder. Kortet gjeld frå dato til dato – i 52 veker – og du kan bruke det så ofte du vil i ordinær opningstid på heile 12 spennande museum og vitensentre.
Ta turen innom for ein kort visitt, eller gjer det til ein heil dag med utforsking. Med årskortet kan du oppleve alt frå teknologi og vitskap til kulturhistorie, litteratur og kystliv – igjen og igjen.
Dette får du med årskortet:
- Fri inngang så mange gonger du vil i eitt heilt år (frå dato til dato)
- Tilgang til 12 publikumsopne musem og vitensentre
- Fleksibilitet: stikk innom når du vil – også berre for ein snarvisitt
- Rabatt i butikk og kafé
- Perfekt for både familiar, besteforeldre og enkeltpersonar
Årskortet gjeld på:
– Vitenfabrikken
– Vitengarden
– Flyhistorisk Museum Sola
– Tungenes fyr
– Garborgsenteret
– Knudaheio
– Garborgheimen
– Limagarden
– Grødalandstunet
– Haugabakka
– Varden sjøredningsmuseum
– Vistnestunet.
Du kan velja mellom årskort for enkeltperson eller familiekort – anten det er foreldre med eigne barn eller besteforeldre med barnebarn.
Kjøper du årskortet på nett, får du det tilsendt i posten som gåvekort. Året startar først når du bruker det første gong, så du mister ingen dagar.
Vil du bruke kortet med ein gong? Då er det enklast å kjøpe det i resepsjonen på Vitenfabrikken, Vitengarden eller Garborgsenteret.
Eitt kort – eit heilt år med opplevingar på Jæren og i regionen.
I tillegg til årskorta nedanfor, har Jærmuseet òg eit eige kort for bu- og velferdsenter. Kortet gjeld for inntil 10 personar (brukarar og tilsette). Kortet kan nyttast av bu-og velferdssenter, dagsenter og bustader der brukarar oppheld seg på dagtid eller bur fast. Kortet koster kr. 2000. Ta kontakt på post@jaermuseet.no for å kjøpa dette kortet.
Viser alle 7 resultater
-

Årskort familie
1 100 kr Legg i handlekurv -

Årskort familie mini
760 kr Legg i handlekurv -

Årskort besteforeldrekort
1 000 kr Legg i handlekurv -

Årskort bestefar/bestemorskort
700 kr Legg i handlekurv -

Årskort barn/student
250 kr Legg i handlekurv -

Årskort vaksen
450 kr Legg i handlekurv -

Årskort honnør
300 kr Legg i handlekurv