Årskort

Jærmuseet sitt årskort gjeld frå dato til dato – gjennom 52 veker, og kan bli brukt så mykje ein vil på heile 12 publikumsopne anlegg. Med årskortet kan du med god samvit koma innom berre for ein snarvisitt – eller nytta tilbodet ein heil dag.

Du kan kjøpa kort som gjeld for enkeltpersonar eller kort som gjeld for heile familien, anten det er foreldre med 3 barn eller besteforeldre med 3 barnebarn.

Kjøp årskort på nett og få det i posten, eller kjøp det i resepsjonen på Vitenfabrikken, Vitengarden eller Garborgsenteret og få det med ei gong

Salgsbetingelser