Skal du feriere på Jæren i haustferien eller bur du her og får besøk som du gjerne vil ta med ut på noko gildt, har Jærmuseet fleire tilbod å velga mellom. Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har ope med eit rikt aktivitetsprogram:
Vitenfabrikken
På Vitenfabrikken er det LEGO i fokus i haustferien. Her finn du over 100.000 LEGO- og DUPLO klossar i mange ulike fargar og fasongar. Korleis skal framtida sjå ut i LEGO? Bli med og bygg ditt forslag! I tillegg vil det kvar dag vera ulike show, aktivitetar og eksperiment som gjestene kan vera med på. I idéverkstaden er det verkstad for alle over 10 år med ulike aktivitetar. På Abelloftet er det mange magiske matematikkeksperiment, og så må du få med deg utstillinga Øglænd i 150 som viser den rike industrihistoria til bedrifta Jonas Øglænd. Vil barna utforske heime, har butikken alt dei treng av eksperimentbøker og sett, labbfrakker og utstyr som høyrer til. Det er ope kvar dag på Vitenfabrikken. Og takka vere vår samarbeidspartnar, Equinor, er det gratis inngang for alle barn under 18 år. Les meir om programmet i haustferien.
Vitengarden
På Vitengarden er det potetferie – som haustferien opprinneleg var. Ungane hjalp til med potetopptaket på garden. Dette vil me at dagens ungar og skal få væra med på. På Vitengarden blir det heile veka ulike aktivitetar knytta til potet. både inne og ute, så her kan ein kosa seg i allslags vèr. På garden er dyra klare for eit besøk, og på løa er det masse høy å hoppa i. Vitengarden har ope alle dagar utanom laurdag. Sjå her for programmet i haustferien.
Garborgsenteret
I haustferien er det gratis inngang for barn måndag til fredag, og det vert eventyrstund kvar dag. Les meir om haustferien på Garborgsenteret. I tillegg kan du torsdag og fredag kl. 12.00 læra å laga teikneserie med Ørjan Zazzera Johansen.
Flyhistorisk Museum Sola, Torpedoverkstedet og Tungenes fyr
Desse musea har ope sundagar kl. 12 – 16