Jærmuseet på Forskingsdagane

Forskingsdagane er ein årleg festival som finn stad over heile landet. Festivalperioden er tolv dagar, og varer frå 16. til 27. september. Desse dagane kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. Tema for Forskingsdagane i 2026 er tillit. Jærmuseet er sjølvsagt med på moroa! Sjå heile programmet i Stavanger-regionen.

Forskingstorget i Stavanger

Laurdag 19. september kl 11.00-15.00 på torget i Stavanger.

Har du tillit til fysikkens lover? I teltet til Vitenfabrikken får publikum testa om dei verkeleg har tillit til fysikkens lover. Tør du til dømes stå i ro når ein kaktus kjem mot deg i full fart? Om ein skal stola på fysikkens lovar vil den ikkje treffe deg. Tør du?

Meir informasjon

Forskarstandup

Onsdag 23. september kl 19:00-21.00 på Kåkå

I tur og orden får forskarane tolv minutter kvar til å gi deg eit innblikk i kva dei forskar på, slik at du får ei større forståing for kva som føregår av forsking i Stavanger-regionen.

Meir informasjon

Museumslaurdag

Laurdag 26. september på Garborgsenteret, Flyhistorisk Museum Sola og Vitenfabrikken

Denne laurdagen blir det gratis inngang på Garborgsenteret, Flyhistorisk Museum Sola og på Vitenfabrikken. Velkommen!

Ungdommens forskarnatt

Fredag 25. september kl 18.00-22.00, Universitetet i Stavanger

Science Circus har med seg ei interaktiv utstilling med ulike eksperimenter, frå magnetisme til optiske illusjonar.

Meir informasjon