Talentsenter i realfag skuleåret 24/25

Talentsenter i realfag er eit fagleg og sosialt tilbod for elevar med stort læringspotensial, med interesse for realfag. Elevane blir plassert i grupper med jamnaldrande frå andre skular i området. 

Totalt 150 elevar frå heile Rogaland vil få tilbod om å delta på tre samlingar kvar. Samlingane foregår i skuletida. 

Me har samlingar i nordfylket på Gamle Slaktehuset Allaktivitetshus for mellomtrinn og ungdomstrinn. Her har me og godt samarbeid med HVL-Haugesund.

I sørfylket er samlingane i hovudsak på Vitenfabrikken og Vitengarden. Her samlar me elevar frå mellomtrinn, ungdomstrinn og VG1. Nokre av gruppene i sør vil og kunne ha samling på UiS og dra på eit bedriftsbesøk eller to.

Les meir om Talentsenter i realfag her.