Bestilling av fotografi frå Jærmuseet

Fotografi frå Jærmuseet sine samlingar bestiller ein via Digitalt Museum eller ved direkte førespurnad til Jærmuseet post@jaermuseet.no.

For bruken av bileta gjeld Jærmuseet sine vilkår for bruk.

Ved bestilling av fotografi reknar vi eit administrasjonsgebyr på 150 kroner inkl. mva. for første bilete og 50 kroner inkl. mva. frå og med andre bilete.

Dersom fotografiet skal brukast kommersielt kjem i tillegg til administrasjonsgebyret ein bruksavgift på 500 kroner inkl. mva.per fotografi.Ved bestilling av fleire enn 10 fotografi reknar ein 10 % rabatt.

Jærmuseet leverer fotografia berre elektronisk.