Søk om plass på talentsenteret!

Er du elev fra og med 5. trinn til og med VG2 neste skuleår? Syns du og at matematikk, naturfag og teknologi er knallkjekt? Høyres det spanande ut med faglege utfordringar samstundes som du får treffa andre som har talent og interesse for realfag? Då kan Talentsenter i realfag vera noko for deg.

Informasjon om søknadsprosessen

Ein må søka om å få plass på talentsenteret, og både elev, lærar og føresette må ta del i prosessen. Me treng at de fyljer ut desse skjemaa:

  1. Eleven sitt skjema
  2. Lærar sitt skjema
  3. Føresette sitt skjema

I tilfelle der det er fleire elevar frå same skule, set me og pris på om lærarar kan fylja ut ei prioriteringsliste.

Søknadsfristen for skuleåret 2023/2024 er 16. mai.

Sidan undervisninga på talentsenteret foregår i skuletida, må deltaking godkjennast av lærar og skuleleiing. For elevar som skal byrja på ny skule (t.d. ved overgang til ungdomsskule eller vidaregåande), er det lærar ved noverande skule som søker. Så vil den nye skulen måtte godkjenna at eleven deltek.

For meir informasjon om talentsenter i realfag ved Jærmuseet, sjå hovudsida om talentsenteret.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Marianne Hægstad Risdal (mhr@jaermuseet.no) eller Jørn Hafver (joh@jaermuseet.no)