Du er her: Jærmuseet  >  Andre anlegg  >  Limagarden, Gje...  >  Historie

Historie

Gjesdal bygdemuseum

Grunnstammen i gjenstandssamlinga til Gjesdal bygdemuseum kan førast tilbake til Torger A. Ravndal som bygde opp eit privat gardsmuseum. Han overlet seinare dette materialet til Gjesdal kommune. Etter eit par ti-år på lager, blei Gjesdal bygdemuseum åpna i det gamle skulehuset på Bollestad 10. desember 1977.
På 1980-talet fekk museet vernevølt fleire mindre antikvariske bygningar – eit kvernhus med turkeomn på Ytre Lima og ei ljåsmie med bakaromn (etter ljåsmeden Johan Karlsen Høgemark, 1864 – 1946) på Indre Lima. Seinare fekk kommunen også ein avtale med Fredrik R. Gjesdal om bruk og istandsetting av Gjesdal Ljåfabrikk. Den nyrestaurerte Gjesdal Ljåfabrikk blei åpna 30. september 1988.
I 1985 overtok Gjesdal kommune ”Limagarden” , gnr.9, bnr. 6 på Ytre Lima. Garden var testamentert til kommunen av søskena Tore og Jenny Lima. Eit eige fond har langt på veg finansiert vernevøling av bygningane. I 1989 blei gjenstandssamlinga flytta frå Bollestad til Limagarden.

Jærmuseet overtok driftsansvaret for anlegget frå 01.01. 2004

Aktuelt
Geologiens dag 12. september

Bli med på vandretur med geolog Hanne Madsen. Turen går fra Varden til Ogna.

Trivselsbygda di på Grødaland sundag 15.august

Nærbø Bygdekvinnelag, Vigre 4H og Jærmuseet inviterer til "trivselsbygda di" sundag 15. august frå klokka 11-16.

Sommeråpent på Vistnestunet 8. august

Sundag 8. august inviterar Vistnestunet til sommeropent, frå klokka 12-16.

Presseklipp