Du er her: Jærmuseet  >  Tungenes Fyr  >  Utstillingar

Utstillingar

Du kan sjå fleire utstillingar på Tungenes Fyr.

Glimt frå fyr
"Glimt frå fyr" er ein biletspelfilm på 14 minutt som gjev glimt frå ei perlerekke av majesteiske fyrstasjonar frå Østfold i søraust til Finnmark i nord. Her får ein eit glimt av fyrhistoria, frå fyrbyggarane som rodde langs kysten og bygde fyr i kamp med hav og uver, til fyrvaktarane og familiane deira som skapte særeigne fyrsamfunn langs heile norskekysten, og til staben ved Fyrdierktoratet i Oslo som leia ei av dei største investeringane den norske staten nokon gong har gjennomført. Manus og regi: Randi Storaas

"Glimt frå fyr" blir vist kontinuerlig i opningstida til Tungenes fyr fram til juni 2010.

Fyrboligen
Fram til 1937 budde fyvaktaren og familen hans i sjølve fyret. I dag kan du sjå korleis familien hadde det på fyret i mellomkrigstida. Boligen er tilbakeført til 1930-talls stil med autentisk interiør.

Foto: Ove Tennfjord, Randaberg kommune

Til Vinden og vannet av Frode Gundorf Nielsen
Kunstinstallasjonen ”Til vinden og vannet” er eit vannorgel, som spelar ulike melodiar når folk passerar. Orgelet heng på utsida av fyret, ikkje langt unna fyret sin eigen tåkelur.

Permanent kunstutstilling av Oskar Sørreime-samlinga i 2. etg betjentboligen
Oskar Sørreime er mest kjend for sine poetiske skildringar av Jærlandskapet, og han har i stor grad bidrege til den almenne kunstinteressa som finst i regionen. Samlinga som heng på Tungenes blei gitt i gåve frå Idun og Oskar Sørreime til Randaberg kommune i 1989.

Foto: Ove Tennfjord, Randaberg kommune

Utstillinga i Sjøbruksmuseet
Sjøbruksmuseet i Tungevågen viser korleis fiskarbøndene på Jæren har utbytta ressursane i havet. Utstillinga er stengt pga oppgardering av utstillinga.

Aktuelt
Sommarprogram på Tungenes fyr

Tungenes fyr - på nordspissen av Jæren - ligg idyllisk til og er eit populært turområde. I sommar har fyret utvida sitt aktivitetstilbod. Både i fyret, i uthuset og på graset er det mykje å utforska for store og små.

Sommerjobb på Tungenes Fyr?

Jærmuseet søker museumsvert og kafémedarbeider ved Tungenes Fyr.

Foredrag på Tungenes fyr 25.02.10 kl 19

Lena Lisdotter Bõrjesson held foredrag om vikingane sin navigasjon på Tungenes fyr torsdag 25. februar kl. 19

Presseklipp