Om Tungenes Fyr
Foto: Ove Tennfjord, Randaberg kommune
Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren, og byrjinga på innseglinga til Stavanger. Eit fyr blei etablert her i 1828, etter initiativ frå både byborgarar og sildefiskarar. Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leda fiskarane inn til Stavanger, og silda gav byen store inntekter. Fyret blei seinare oppgradert og modernisert og utgjorde etter kvart eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området. Etter siste utbygging i 1959 består anlegget av fire bygningar: fyrbygning, uthus, fyrvoktar- og fyrbetjentbolig. I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret "Bragen" utanfor neset.
Tungenes Fyr er i dag først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. I fyrbygninga kan du oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, i uthuset finn du ulike temautstillingar. Kafeen tilbyr god kaffimat.
Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vær og til alle tider, med skipsleia utanfor har ein alltid ein følelse av at noko skjer her. Mange kombinerar besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.
Tungenes Fyr er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseum for Kystverket.









