Du er her: Jærmuseet  >  Tungenes Fyr  >  Kystverkmusea

Kystverkmusea

Kystverket sitt etatsmuseum - Kystverkmusea - blei formelt opna i september 2008. Dette museet består av dei fire institusjonane Tungenes fyr, Lindesnes fyrmuseum, Dalsfjord fyrmuseum og Lofofmuseet som til saman skal bidra til dokumentasjon, bevaring, forsking og formidling innanfor heile Kystverket sitt virkefelt.

Utgangspunktet for Kystverkmusea var eit arbeid for å få oppretta eit nasjonalt fyrmuseum. Denne ideen blei første gong lansert på slutten av 1980-talet, både i museumskrinsane rundt Tungenes fyr og Lindesnes fyr. Ved begge desse nedlagte fyrstasjonane hadde det på denne tida blitt etablert populære publikumstilbod, og Aftenposten såg føre seg eit kappløp om statusen "Norges fyrmuseum". I staden blei fyrmuseumsideen vidareutvikla i eit samarbeid mellom Tungenes fyr, Lindesnes fyrmuseum, Dalsfjord fyrmuseum, Lofotmuseet og Kystverket.

Dei fire musea i Kystverkmusea delar Norge mellom seg, både geografisk og fagleg. For Tungenes fyr sin del vil dette innebere eit musealt ansvarsomåde som dekker Kystverket sitt 2. distrikt (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) og ei større fokus på følgjande fagområde innanfor Kystverket: trafikksentraltenesta og los.

Sjå elles heimesida til Kystverkmusea

Aktuelt
Sommarprogram på Tungenes fyr

Tungenes fyr - på nordspissen av Jæren - ligg idyllisk til og er eit populært turområde. I sommar har fyret utvida sitt aktivitetstilbod. Både i fyret, i uthuset og på graset er det mykje å utforska for store og små.

Sommerjobb på Tungenes Fyr?

Jærmuseet søker museumsvert og kafémedarbeider ved Tungenes Fyr.

Foredrag på Tungenes fyr 25.02.10 kl 19

Lena Lisdotter Bõrjesson held foredrag om vikingane sin navigasjon på Tungenes fyr torsdag 25. februar kl. 19

Presseklipp