Traktorliv

Traktorliv - opna juni 2015

I utstillinga Traktorliv er 30 traktorar utstilt, produsert i perioden 1917 – 1957.

Her er både dei fint restaurerte og dei som er merka av eit liv i flittig bruk. Gjestene skal ikkje berre sjå traktorane. Dei skal også få høyra dei, og bli utfordra til å syna kor mykje kunnskap dei har om ulike traktormodellar.

Me ønsker å formidla dei som estetiske objekt, som utgangspunkt for å visa teknologisk utvikling i første del av 1900-talet, og ikkje minst, som berarar av ei historie. Traktoren representerer ein  universell ide, som ei kraft i utviklinga av det moderne landbruket. Slik er dei meiningslada objekt. Dei er symbol på den moderne bonden, og dei strukturelle endringane i næringa etter andre verdskrigen. Traktorane kan gjera oss i stand til å forstå landbruks-  og næringspolitikk, framveksten av familielandbruket, og menneskelige kjensler – frå stolthet og varme, til sorg som følge av ulykker, eller over ikkje lenger å få arbeida saman med hesten.

Utstillinga Traktorliv består av i underkant av 30 traktorar – som er produsert frå 1917 til 1957. Traktorane er merka etter lang tids arbeid på gardane, nokre av dei fekk etter kvart eit strøk maling, motordelar blei skifta ut, andre blei gøymde vekk i buskar og kratt. Nokre av traktorane var i bruk til innpå 1980-talet, slik representerer dei ein lang tidsperiode. Livet deira stoppa heller ikkje opp då dei kom på museum. Dei blei endra gjennom restaureringsprosjekt, eller forholda dei blei lagra under. Slik kan også traktorane vera eit utgangspunkt for å diskutera restaureringsprosessar, og korleis musea best tar vare på gamle gjenstandar