Vinnarar av delfinalen

Super:bit-kampen 2024

Vinnarane av delfinalen i Super:bit-kampen 2024 på Vitengarden blei laget De røde Capybaraene 2 frå Bogafjell skole. Laget besto av Jens B. Berge og Maximillian Schwartze.

Gjer dykk klare til å reisa til Mars! Dette var overskrifta på oppdraga lagane møtte i år, og før ei reise til Mars er det mykje som må førebuast.

I eit av oppdraga skulle laga oppdaga kva hemmelege hendingar som var programert på ein utdelt micro:bit, laga måtte samle inn jordprøver for å halde laboratoriet fritt for bakteriar og køyre bit:boten igjennom ei hinderløype på Mars.

Me ynskjer Jens og Maximillian lykke til i gullfinalen – og kanskje er det dei me ser på Alle mot ein i år.