Vitengarden på Nærbø med alle bygningene.

Om Vitengarden

På Vitengarden vert du invitert til "å læra ved å gjera". Her skal gjestene utforska naturvitenskap på nye og engasjerande måtar.

På Vitengarden blir gjestene våre invitert til å «læra ved å gjera». Her kan du vera aktiv og utforska naturvitskap på nye og engasjerande måtar.  Og du lærer om maten vår, kor den kjem frå og koss maten blir produsert.

Det kan vera tungt å pugga at definisjonen på ei hestekraft er «den effekt som trengs for å heva ein masse på 75 kg loddrett opp 1 meter i løpet av 1 sekund». Noko heilt anna er å koma på Vitengarden og sjølv dra eit lodd på 75 kilo ein meter opp, medan ei klokke tar tida på deg. Kor mange hestekrefter hadde du? Svaret vil du hugsa.

Eg høyrer og gløymer, eg ser og hugsar, eg gjer og forstår, seier eit kinesisk ordtak. Og slik kan vår filosofi oppsummerast. Kor lang tarm har eit menneske? Kanskje har du høyrt – og gløymt – det ein gong. Men på Vitengarden får du gjera det. – Dra ut tarmen, sjå kor lang han er!

I avdelinga Teknologi og landskap, kan du utforska korleis landskapet på Jæren har forandra seg, og testa ut teknologien som har blitt nytta for å forandra dette landskapet. Løft opp deg sjølv ved hjelp av teknologien som har rydda stein på Jæren i sidan 1800-talet. Kvifor var det så lett?
Og kven er tyngst av deg og far din? – Lat hydraulikken avgjera!

Utstillinga Men mat må me ha… stod klar i 2005. Her kan du kikka gjennom glaset og inn i ei ekte bikube. Eller bli med på fabrikken og lag din eigen plog. Du får også sjå korleis kua ser ut inni, og du kan prøva deg som bonde i leikefjoset: fora, måka, forhausta og legga i silo – om og om igjen, slik syklusen er på ein ekte gard.

Til Vitengarden høyrer Kvia 4H og museumsgard. Det er eit gardstun frå 1878 som nå syner eit gardsmiljø frå 50-åra. Her kan du hoppa i høyet eller sjå nærare på dyra som var vanlege på Jæren i den perioden. På aktivitetsdagar vert kjøkkenet på garden ofte brukt til å gje publikum ein smak av jærsk tradisjonsmat.

Men kor kjem maten vår frå?

På garden kan du følgja maten «frå jord til bord»; borna får m.a. vera med å setta poteter om våren og ta dei opp om hausten. I kjellaren i heimehuset steiker me potetkaker,«eplekage», og i kafeen kan du kjøpa komla.

Husdyra gir oss kjøt, egg, ost og mjølk. Dette har vore avgjerande for livsgrunnlaget vårt gjennom alle tider.

Kor kjem pølsene, hamburgarane og spareribsen du har på grillen frå?

Frå gammalt av var hausten slaktetid. Slik er det ennå for lam og sau. Dei store sauedriftene kjem ned frå fjellet om hausten og fyller får-i-kål grytene til familiar i Rogaland. Og det er tid for å laga til pinnekjøtet til jul .

På Vitengarden får du meir kunnskap om kor maten kjem frå. Du kan vera med å klyppa sauen, slakta og bli betre kjend med sauen sin anatomi.

 

Vitengarden består av fleire bygg med vel 4000m². Bygga representerer eit møte mellom mellom jærsk identitet og byggetradisjon og eit moderne formuttrykk. Bygget følger linjene i landskapet og vert opplevd som ein del av jærlandskapet omkring.

Les også: