Vennelaget for Jærmuset – Vitengarden

Føremålet for Vennelaget for Jærmuseet – Vitengarden er å vera ein aktiv støttespelar for Vitengarden og skal samla folk som er interessert i dette, og som er villige til på forskjellig vis å vera med og fremja utviklinga av Jærmuseet – Vitengarden.

Oppgåver for medlemmene:
Vennelaget og medlemmane skal arbeida aktivt for å gjera Vitengarden, og dei aktivitetane som vert drivne der, kjente i lokalmiljøet. Vennelaget skal vidare hjelpa til praktisk ved arrangement av ulike slag samt organisera dugnad når noko anna spesielt skal gjerast. For medlemmane er dette arbeidet frivillig.

Jærlappen medlemsbladMedlemsblad og Årbok:
Vennelaget gir to gonger i året ut eit medlemsblad, kalla ”JÆRLAPPEN”, som har nyttig informasjon om Jærmuseet, både om Vitengarden, men òg om dei mange andre anlegga innanfor Jærmuseet. «JÆRLAPPEN» vert sendt på e-post. I tillegg får ein eit eksemplar av Jærmuseet si flotte årbok ”Sjå Jæren” fritt tilsendt.

Kven kan vera medlemmer?
Medlemmer i Vennelaget kan vera enkeltpersonar og familiar. Enkeltmedlemmer får fri inngang for seg sjølv og familiar får fri inngang for foreldre og eigne barn.

Kva kostar det, og kva får du igjen for dette?
Privatpersonar betaler ein årleg medlemskontingent på kr. 450,. Familier betaler kr. 900,-.
Medlemmane har då fri inngang til alle Jærmuseet sine anlegg og alle utstillingar som vert arrangerte der. Dette gjeld desse anlegga: Jærmuseet Vitengarden med Kviagarden, Vitenfabrikken, Grødalandstunet og Varden Sjøredingsmuseum i Hå, Vistnestunet og Tungenes fyr i Randaberg, Flyhistorisk Museum Sola og Rogaland Krigshistoriske museum i Sola, Garborgsenteret, Knudaheio og Garborgheimen i Time og Limagarden i Gjesdal.

Styret

Styret for Vennelaget for Jærmuseet Vitengarden for året 2018/2019 er:
Leiar: Sigurd Høyland
Nestleiar: Arna Høyland
Sekretær: Ådne Njå
Styremedlemmer: Bjørg Sandve og Solveig Hadland
Varamedlemer til styret: Kitty Krogh Harestad og Karl Sveinsvoll

Kontaktinformasjon

vennelaget.vitengarden@jaermuseet.no

Velkommen som medlem!