Planlegg de bryllaup, møtedag, lagsveis, familiedag eller treng ein plass for å halda minnestunda?
Vitengarden ligg midt i matfatet og har bygningar med særprega arkitektur som er omkransa av flott, jærsk natur.

Dette gjer staden perfekt for tilstellingar av alle slag, enten de skal feira eit rungande ”ja”, dei tilsette i bedrifta di treng ein spennande møteplass som gjev inspirasjon eller de har besøk frå andre deler av inn- og utland som ynskjer å bli betre kjent med det jærske landskapet og industrien i regionen.

Vitengarden har lang erfaring med ulike tilstellingar, og kjem gjerne med gode idear for å gjera ditt neste arrangement til eit som vert hugsa.

Sjå her for meir informasjon: