Møteromma våre

Auditoriet
Auditoriet er eit luftig lokale med store vindauge ut mot flott natur. Rommet passar godt til både presentasjonar, møter og til mindre tilstellingar. Det er rullegardin i lokalet som kan trekkast manuelt for.  Auditoriet er utstyrt med lerret, projektor, dvd-spelar, stereoanlegg, breiband, piano og flipover. Ynskjer de bærbar pc, så kan dette leigast.

Kapasitet:
Klasseromsoppsett 70 stk
Kinooppsett 100 stk
Middag 100 stk

Kaféen
Kaféen ligg i hovudetasjen og er lys og luftig. For større tilstellingar og middagar er det ofte kaféen som vert nytta. Her er det mange måtar ein kan dekka på, og det er plass til band og underhaldning om dette er ynskjeleg.

Kapasitet:
Middag 130 stk

Utstillinga
Heile utstillinga kan leigast; enten det er til ei mottaking, lanseringar, familiedagar, teambuilding etc. Utstillinga gjev ei spanande ramme rundt arrangementet og oppmodar til aktivitet.

Kapasitet:
Avhengig av kva arrangement det er  – men opp til 1000 stk. Området utanfor kan òg nyttast til telt og anna. 

Oppsett som ivaretar smitteverntiltaka vil redusera kapasiteten i dei ulike romma. 

For meir informasjon eller bestilling, kontakt oss på tlf: 477 76 020 eller vitengarden@jaermuseet.no

Du kan og fylla ut og senda oss eit kontaktskjema: