Kafé

Ta ein pust i bakken etter aktivitetane i utstillingane med familien i Vitengarden sin kafé. Her er det både varme og kalde rettar, for både vaksne og ungar. Med Vitengarden si plassering midt i matfatet på Jæren og kaféen sitt fokus på heimelaga mat med lokale råvarer, vil du reisa frå Vitengarden god og mett. I tillegg til suppe med heimelaga brød til, er dette noko av rettane som er på menyen:

  • Heimelaga god suppe
  • Påsmurt gjærbakst
  • Foccacia med kylling og bacon
  • Pølse i brød
  • Pizza

Om ein ynskjer noko søtt til kaffien, er det kaker, nysteikte lappar, kanelrullar og is. Og sjølvsagt ulik drikke – både kald og varm – og velga mellom.

Det er mogleg å nyte mat og drikke ute på benker under tak, rett utanfor kaféen. Her er det òg grillar som gjestene kan disponera. Grillkol kan kjøpast i resepsjonen.

I skuleferier og på sundagar må du løysa billett til Vitengarden når du er i kaféen.

Kaféen har kapasitet til å dekke til ca. 120 gjester.

Godt utval i gluten og laktosefri retter.

Hjarteleg velkomne til gode matopplevingar for heile familien – midt i matfatet!