Temabasert lagsveis og omvisingar.

Ei utflukt der du får oppleva det beste av det Jæren har å by på?

Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter. Kva med å testa ut konkurranseinstinktet og samarbeidsevna i utstillingane? De blir invitert til å vera aktive og utforska naturvitskap og historie på nye og engasjerande måtar: Kor kjem maten vår frå, og kor lenge må du sykla for å bli kvitt han? Kor mange hestekrefter har du? Har du lyst til å programmera ein robot, laga eit plogskjer eller bygga eit jærhus? Korleis vart Jæren forma?

Som eit friskt avbrekk i møtedagen, kva med å legga eit måltid med jærske råvarer i friluft? Eit besøk på Vitengarden er ein perfekt måte å oppdaga Jæren på – og samstundes få aktivisert kroppen og få inspirasjon til kropp og sjel. Me tilbyr alt frå enkle omvisingar til ein full dag med aktivitet både i og utanfor opningstida og tilpassar det etter kva gruppe som kjem og kva interesser gruppa har.

Les om vårt utval her:

Smiing på Audemotland

Jernet varmes i essa før ein kan byrja å forma det mot ambolten.

Varmsmiing er ein lærerik og spanande aktivitet kor ein får læra å jobba med jern. I den nyrenoverte smia på Audemotland kan grupper få vera med og prøva seg som smed. Vår vert vil gje alle ein god introduksjon og vil vera med under heile prosessen for å demonstrera og rettleia alle som vil prøva seg. Det kan vera inntil 10 personar per omgang, men er det fleire kan den andre halvdelen til dømes få ei omvisning på Audemotland eller i Hanabergmarka før ein rullerer. Me anbefaler gode sko og varm jakke då smia ikkje er eit oppvarma lokale, og gåturen ner tek omtrent ti minutt.

Tid: 60-120 min

Pris: kr. 1500 + 110 kr per person (for omvisning kjem kr. 750 i tillegg).

Birøktaren – besøk biene og slyng honning

Birøktarane observerar biene

Dette er ei sesongbasert aktivitet der de får besøka biene og slynga honning frå bikubene. Alle får delt ut birøktardrakt og hanskar. Ein erfaren birøktar følgjer deltakerane og deler av kunnskapen sin. Me kan ta inntil 20 deltakarar om gongen.

Tid:  90–120 minutt

Pris: kr. 1500 + 110 kr per person

Den store gardskampen

Svinghjulet

Her vert dykk utfordra i både muskelkraft og kunnskap. Kven klarer å jobba raskare og meir presist en ein robot? Kjenn på tyngdekrafta med eigen kropp i svinghjulet, og kor mykje veit du om traktorar og fuglesang? Dette og meir er noko av dei utfordringane dokker treff på i «Den store gardskampen».

Tid: 120 min.

Pris: kr. 515 per pers. ved 40 stk.

Konkurer mot roboten i ostepakking

Robotkonkurranse

Dette er ein aktivitet som passer fint som eit avbrekk i møtedagen, eller i samband med ei omvising. Kven klarar å jobba raskare og meir preist en ein robot? Svarar det seg å samarbeida med fleire? Maks tal på deltakarare er 20 stk.

Tid: 15-30 min

Pris på førespurnad.

Bygg eit ekte jærhus

Byggeskikk

Jærhus er typiske for Jæren. I dag er det igjen om lag 110 av desse husa. Jærhusa er rundt 1 ½ meter i høgde og har skut i ein eller begge endar. Skutane var kalde, og brukt som lagringsplass av mat og ved.Inne på vitensenteret er det eit byggesett av eit jærhus, i 1:3 målestokk med tilhøyrande skut. Her får gruppa testa ut både leiarteknikkar, lagarbeid, matematikk og teknikk. Ved hjelp av teikningar og stolpar skal ein bygga seg ein original kopi. Aktiviteten er perfekt for teambuilding – og etter bygginga går me ein liten tur til garden for å sjå på eit ekte jærhus.

Tid:    120 min.

Pris:    kr. 1500 + kr. 110 per person.

Utforsk utstillingane

Blåsten

Utstillingane våre tek for seg tema som teknologi og landskap, men ‟mat må me ha″ og ″hus må me ha″. Alle utstillingane er interaktive og eit perfekt utgangspunkt for å skapa aktivitet i gruppa.

På denne utflukten er målet å utfordra deltakarane, få dei engasjerte samstundes som dei vert endå betre kjende med kvarandre. Gruppa vert delt inn i mindre grupper og sendt på utforsking i vitensenteret. Her er det fleire stasjonar som skal testast, og på fleire av desse må gruppa samarbeida for å finna løysinga. Antall postar kjem an på kor mange personar det er i gruppa. Ein kan velga mellom følgjande stasjonar:

  • Gå gjennom vår myra vår, ein mørk tunnel der sansane vert utfordra. Kva finn de i myra? Skriv ned alt de ser.
  • Kor mange hestekrefter har gruppa til saman?
  • Flått. Leit på skinnet. Kor mange flåttar finn de?
  • Vind
  • Dyrlegen
  • Kor hentar biene mat? Kor er dronninga?
  • Kor lang tid tek det for å få steinane opp av brotet?

Pris og tid avheng av kva opplegg de ønskjer og kor mange det er i gruppa.

Motorbrøl

Museet har ei stor samling av maskinar. Nokre av desse er sett i stand og kan bli starta opp. Turen startar med ei omvising på museet før me går ned i verkstaden. Her får de møta mekanikaren vår, som alltid har det travelt med utstillingar/eksperiment eller restaureringsarbeid. Nokre av motorane er ferdig restaurerte og kan startast. Her kan de få oppleva motorbrølet frå firetaktsmotoren TRYGG eller oppfyrings- og semidieselmotoren SANDBEKK. Garantert med god lukt og røyk som står i stil.

Tid:     60 min.

Pris:    kr. 750  + kr. 110 per person.

Verkstad

Arbeid i grupper og finn fram kreativiteten!

Verkstader de kan velga mellom: Solcelle, rakett og

Tid: 60 min

Pris: kr. 1000 + kr. 150 per person

Kokkar i friluft

Gode smakar utandørs

Vitengarden er vitensenteret ”midt i matfatet”, og dette skal de verkeleg få oppleva på denne turen. Me tek turen ut i Hanabergmarka, kor me fyrer opp bålet og gruva. Her får du kutta opp tomatar, gulrøter, kålrot og andre råvarer henta direkte frå nabogardane. Me lager jærske småretter og garanterer ei smaksoppleving for livet.

Tid:     180 min.

Pris:    kr. 2250 + kr. 350 per person

Det gode liv i 50-åra

Vestlandsk Raudkolle

Bli med og gjenopplev minne og historier som kan vera dine eigne eller dine besteforeldre sine. Museumsgarden Kvia 4H-gard er ein del av Vitengarden. Garden syner ei gardsdrift frå 1950-talet. I fjøset finn ein den gamle kurasen vestlandsk raudkolle og i hønsehuset trippar jærhøna. Heimehuset er innreidd med interiør som mange har eit forhold til.

Ta plass på kjøkkenet og nyt rabarbrasaft og god, jærsk mat som var vanleg på menyen rundt 1950.

Tid:     60 min

Bestilling

Ynskjer du å ta med ei gruppe og få ein gild og annleis dag med dine kollega til Vitengarden? Fyll ut skjema nedanfor eller ta kontakt med oss i dag for meir informasjon slik at me kan gje deg det opplegget du ønskjer.

Du kan og kontakta oss på e-post vitengarden@jaermuseet.no eller ringa oss på telefon 47 77 60 20.

Kryss av for ønska opplegg: