Anten dykk treng å starta dagen med eit frokostmøte, eta god lunsj saman, halda eit heildagseminar eller de ynskjer ein unik stad å samlas for eit kveldsarrangement, legg me tilrette for at de skal få ei god oppleving.
Me kan tilby ulike rom med fullt AV-utstyr alt etter kva behovet dykkar er. Med god utsikt mot det jærske landskapet er alt tilrettelagt for ein vellykka møtedag. Les meir om våre møterom her.
Servering
Våre kokker tilbyr dagpakker laga på gode lokale råvarer med frukt, lunsj, kaffi/te og lappar/kake. Me tilbyr også middagsrettar basert på sesongens råvarer gjennom heile året. Har de andre ynskjer og behov kan vårt kjøkken ordna det også.
Dagpakke 1:
- Møterom med standard utstyr
- Kaffe, te og vatn heile dagen
- Pauseservering med lokale grønsaker m/dip, formiddag.
- Pauseservering med kake, ettermiddag
- Suppe med lokale råvarer og heimabakte rundstykke til lunsj
- Tilgang til våre utstillingar
Dagpakke 2:
- Møterom med standard utstyr
- Kaffe, te og vatn heile dagen
- Pauseservering med lokale grønsaker m/dip, formiddag.
- Pauseservering med kake, ettermiddag
- Varm lunsj basert på sesongens råvarer
- Tilgang til våre utstillingar
Aktivitet eller omvisning?
Vil du at dine tilsette eller kundar skal bli inspirert? Og samstundes få utfordra seg sjølv og styrka lagkjensla med aktivitetar dei sjeldan har vore med på? Når dagen først er lagt til Vitengarden, bør det settast av litt tid til ein aktivitet anten ute eller inne. Les meir om kva me kan tilby her.
Bestilling
Ynskjer du å bestilla eller få meir informasjon om vårt tilbod til bedrifter, lag og organisasjonar?
Kontakt oss på e-post vitengarden@jaermuseet.no eller ring oss på telefon 47 77 60 20.
Du kan og fylla ut skjemaet og me tar kontakt: