Familiedagar

Det interaktive vitensenteret, garden og området rundt innbyr til mange spanande aktivitetar for alle aldre.

Inviter dine tilsette med familien til ein dag dei seint vil gløyma! Dei små liker ofte å treffa dyra på garden, sitje på traktorane eller utforske vatnaktivitetane i SNU, medan dei større ungane koser seg i høyet og finn skattar i den mørke tunnelen i myra eller står imot orkanen. Foreldra viser vinnarinstinkt når hestekreftene vert testa – eller når Jærhuset skal byggjast.  Utstillinga kan utforskast på eiga hand, eller Vitengarden kan laga eit aktivitetsprogram for familiedagen som er tilpassa ynskja dykk har.  

Familiedagar kan arrangerast i eller utanom opningstida. Våre kokkar lagar og serverer gode tradisjonelle matrettar laga på gode og lokale råvarer, eller de kan bruka grillane som er utandørs.

(Grillkull og tennvæske kan de få kjøpa av oss).

Ønskjer de eit tilbod på ein familiedag eller meir informasjon? Fyll ut skjemaet så tek me kontakt.

Til slutt, korleis fekk du høyra om Vitengarden?