Bryllaup

Vitengarden er ein populær stad for å halda bryllaup. Bygningen er stor og lys, med eit flott uteområde.

Eit bryllaup på Vitengarden gir deg fridom til å gjera dagen til den du ynskjer– anten det er ei formell og høgtideleg feiring eller eit noko meir uformelt preg på det heile. Her er det god plass, og her er eit flott område utandørs som skaper flotte rammer for ein stor dag. Medan gjestene ventar på brudeparet kan dei utforska utstillingane og området på garden.

Servering og dekking

Vitengarden har eigne kokkar som tilbyr ein smaksrik bryllupsmeny laga på gode lokale råvarer. Me kan dekka og servera opp til 130 gjester. På langborda vert det dekka med kvite tallerkener, bestikk, glas, serviettar og stearinlys. Dersom dykk ynskjer å pynta borda og setja eit personleg preg er dette sjølvsagt mogleg.

Av drikkevarer kan me tilby mineralvatn, Lyngnes sin friske juice og Kõhlerpaviljongens Rabarberasaft. De kan og ta med eiga drikke om dokker ynskjer det.

I juli månad nyttar me oss av følgjande cateringfirma:

Dei har alle lang erfaring og har servert dei mest smakfulle rettane. Her kan dokker dekka og pynta borda sjølv, men dekking kan óg bestillast av dei som leverer maten. Maten bestiller du direkte hjå dei – eller de kan velja andre til å stå for serveringa om de ønsker det.

Lurer du på noko eller vil reservere dato? Fyll ut skjemaet nedanfor.

Ver ute i god tid, dei mest populære datoane går fyrst.

NB! Det er ingen ledige bryllupsdatoar att for somarsesong 2023. Helger i 2024 er og i ferd med å fylla seg opp. Vent ikkje for lenge med å sikra dokker draumedatoen.